Eit liv utanom det vanlege
Rolf Øystein Dahlø (1943–2019)
Dei fleste av oss lever eit vanleg liv, men dei som har fått litt av verdshistoria dundrande gjennom tilværet, har vit nok til at dei misunner oss – utan tanke på at vi A4-personar ein og annan gong kan ha det litt keisamt.
For Rolf Dahlø, som nokre av venene hans, mellom dei vi, tok avskil med på ein kyrkjegard på Toten i går, vart det verdshistorie til overmål for ein mann som aldri var ute etter å verta kjendis og heller ikkje vart det. Han var fødd i 1943 og vart 76 år gamal.
Sjølv ved fødselsdagen hans, 10. april 1943, hefta det nokre gram svært plagsam verdshistorie. Mor hans vart seinare gardbrukarkone i ei bygd i Trøndelag og snakka aldri om Rolf, som ho hadde fødd på Stiftelsen i Trondheim. Faren var Linge-agent, som kom frå London via Sunnmøre våren 1942. Eitt av oppdraga hans var å halda eit auga med slagskipet «Tirpitz», som hadde fast hamn inne i Åsenfjorden, 30 kilometer nord for Trondheim. Han hadde falske papir, men som ekstra «dekning» skulle han vera kjærast med ein sekretær som arbeidde på TMV – Trondhjems Mekaniske Verksted. «På si» hadde ho kontakt med Heimefronten i trønderhovudstaden.
Linge-karen og sekretæren vart gripne av rolla dei skulle spela, og ho vart gravid. Evald Hansen frå Sortland vart arrestert med ein radiosendar på fanget seinhausten 1942, og med Gestapos og Henry Rinnans tortursentral på Misjonshotellet som ein nokså utriveleg mellomstasjon hamna han som fange på Falstad. Der heldt torturen fram, og 5. april 1943 døydde han på sjukehuset i Levanger av lungebrann. På Falstad, der både dei norske og dei tyske vaktarane var meir brutale enn på Grini, vart han sett til å hakka is – berrføtt. Det går greitt å drepa folk utan å slå dei i hel eller skyta dei.
Fem dagar seinare vart Rolf fødd. Mora oppgav sjølvsagt falskt namn på faren da det skulle skrivast fødselsattest, og krinsen rundt domprost, seinare biskop Arne Fjellbu, ordna med adopsjon. Rolf voks opp hos eit ektepar på Orkanger. I tiårsalderen fekk han for seg at han kunne vera adoptert; han fann nokre papir i eit skrivebord det nok ikkje var meininga at han skulle rota i. Etter at han var myndig og hadde teke til å studera historie, kom ei lovendring som gav adopterte rett til å finna dei biologiske foreldra sine, dersom det var mogleg.
Denne oppgåva brukte han mange års detektivarbeid på. Mor hans var død da han fann fram til familien hennar. Han skreiv til dei halvsyskena, som ikkje visste om han før brevet kom, og dei tok imot han med hakeslepp og munter latter – han hadde nett det same kroppsspråket som mor deira da han tok av seg skoa i gangen. Ei faster i Brooklyn fann han òg fram til. Ho kjende att Evald Hansen med det same.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.