Ein spakare Donald Trump

Donald og Melania Trump held ein låg profil på den 17. minnehøgtida for 11. september-offera i 2001 i Shanksville, Pennsylvania.
Donald og Melania Trump held ein låg profil på den 17. minnehøgtida for 11. september-offera i 2001 i Shanksville, Pennsylvania.
Publisert

Arbeidarpartipolitikaren Olav Oksvik (1887–1958) hadde sunnmørsk sjølvironi så det mona, og han vart aldri trøytt av å fortelja historia om eit velbrukt manuskript der han sjølv hadde skrive i margen: «Svak argumentasjon – hev stemmen.»

Den like røslege Donald Trump har greidd seg utan slike blyantmerknader. Argumentasjonen er alltid veik, og røysta er alltid kraftig, med unntak av dei gongene da staben har overtydd han om at han må halde seg til teksten slik han er utforma.

Men dei siste par vekene har han – eller staben – lagt band på seg eller han, og den gamle gløden og klangen er merkbart dempa. Det er kanskje for lettvint, men likevel er det både freistande og nærliggjande, å finna grunnen i alt som har gått gale sidan dei første dagane i september. For det er mykje, og framføre han ligg kongressvalet tysdag 6. november. Trass i økonomisk opptur viser meiningsmålingane på rekkje og rad at fleire og fleire republikanske veljarar sviktar han. Spesielt gjer kvinnene det, og i den leiren sto det ikkje for bra til i utgangspunktet heller.

Dette var tydeleg da han heldt valtale i Billings, Montana og Fargo, Nord-Dakota for eit par veker sidan. Salen var ikkje full, klappsalvene var veikare og vara kortare, og han var spakare i røysta. Om det så var det uslåelege utropet om at han ikkje berre er eit geni, men eit stabilt geni, brukte han det sjeldnare, og jubelen var ikkje like stor dei gongene han prøvde å få opp temperaturen med utsegna om at Det kvite huset er eit velsmurt maskineri.

Hovudbidraget til alt dette kjem frå to avsette medarbeidarar som har gått over til fienden, nemleg den spesielle granskaren Robert Moeller. Hans oppdrag er å leita etter prov for at Trump har samarbeidd med folk som står den russiske presidenten Vladimir Putin nær. Dei to er den førre leiaren for valkampapparatet, Paul Manafort, og den førre advokaten til Trump, Michael Cohen.

Cohen var den første som skifta side. Da fekk han dårleg attest frå Trump, som samstundes skrytte av Manafort. Det vart det slutt på da Manafort fylgde etter. Som om ikkje dette var nok, kom boka til journalistveteranen Bob Woodward med mange og veldokumenterte glimt frå maskinrommet i Det kvite huset, pluss den anonyme artikkelen i New York Times om ei aktiv motstandsrørsle mot presidenten i apparatet hans.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement