Ein skyt da journalistar, ikkje sant?
Journalist Ivan Golunov vart sett fri tysdag. Moskva-politiet trekte skuldingane mot han dagen etter avisframsidekampanjen «Eg/vi er Ivan Golunov».
Foto: Shamil Zhumatov/Reuters/NTB scanpix
For dei av oss pressefolk som ikkje skal feira Donald Trumps fødselsdag i dag (fredag 14. juni), kunne det vera grunn til å markera Russlands nasjonaldag onsdag. 12. juni vart innstifta fordi Boris Jeltsin heldt frie nasjonale val den dagen – eit djervt steg som den sovjetiske presidenten Mikhail Gorbatsjov ikkje våga å ta da både det førre hundreåret og Sovjetunionen gjekk mot slutten.
I forgårs var det tillyst demonstrasjonar i Moskva og andre russiske byar til støtte for den arresterte journalisten Ivan Golunov. 513 vart arresterte i hovudstaden. Grunngjevinga var at demonstrantane ikkje hadde lov. Men onsdag kveld vart dei sette fri, mange av dei mot meldeplikt fredag.
Med skuldingar mot Moskva-politiet for forfalsking av bevis landa saka så høgt oppe som på president Vladimir Putins skrivebord. Det er ikkje vanleg, pressefolk som ikkje er lojale mot Putin, er det som på engelsk heiter expendable. Verda og samfunnet går greitt og fint vidare om dei vert råka av ulykker. Den om ikkje trur det, har noko å læra i redaksjonslokala til Moskva-avisa Novaja Gazeta; på bakveggen i møtesalen står portrett i lekamsstorleik av sju yrkesbrør og -søstrer som har vorte skotne eller har fått ein like utriveleg utgang frå livet.
Som vitnemål om at det finst mektige folk som meiner at journalistikk er viktig, har desse portretta ei viss tyngd.
Mykje kan tyda på at noko held på å endra seg i tsarens gamle rike. Ivan Golunov vart arrestert i førre veka, og under framstillinga i avhøyrsretten kom det fram at politiet hadde handtert saka slik at han hadde fått brest i fleire ribbein og hjerneskaking. Politiet sa òg at han hadde vore full, og at dei fann fire gram narkotisk stoff i ryggsekken hans. Politiet viste bilete frå stova hans, der var det utstyr til produksjon av efedrin.
Sidan gjekk det bratt nedover bakke for politiet, og ein ny sjef har teke over etterforskinga. Svært mange veit at Golunov, som har kasta lys over mektige korrupsjonsmiljø, er ein prinsippfast og firkanta fråhaldsmann – slikt vert lagt merke til i Russland. Putins pressetalsmann, den kvikke og humoristiske Dmitrij Peskov, viste dårleg dagsform ved å seia at det var gjort ein feil, og sjølv journalistar gjer jo feil ein og annan gongen, la han til. Ein yrkesbror av Golunov var kvikkare og repliserte at «vi gjer nok feil, vi òg, men vi lyg ikkje om at vi finn narkotika på kjeldene våre». Putins mest lojale dagsrevyjournalist, den norsktalande Dmitrij Kiseljov, overraska med å hjelpa til med eit intervju der det vart sagt at det ikkje var spor av narkotika hos Golunov. I tillegg er ein gravejournalist i Tsjetsjenia, av alle stader, sett fri etter at styresmaktene der har vedgått at han vart påprakka narkotika. Han heiter Ojub Titijev og får ein plass i russisk rettshistorie. Og som om ikkje dette skulle vera nok, har politiet i Moskva vedgått at fotografia frå Golunovs husvære var tekne ein heilt annan stad. Dei vart fjerna frå nettsida til politiet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.