JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Ein justisminister som kjenner regelverket

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dåverande justisminister William Barr (t.h.) og president Trump på eit republikanarmøte i Det kvite huset i september 2020.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

3455
20220318
3455
20220318

Den tidlegare justisministeren i USA William Barr har skrive bok om tida si som medarbeidar for president Donald Trump, og han er ikkje nådig.

Trump var svært misnøgd med at han ikkje vart attvald da Joe Biden vann i 2020. Det visste vi, og vi visste òg at det, som alltid i Trumps bok, var nokre andre som hadde skulda for nederlaget. Så han leverte eit av raseriutbrota sine: «De er veikingar, de er feige, og de gjorde ikkje det som var naudsynt for å berga landet frå dei liberale venstrekreftene som berre steller i stand ulykke.»

Barr er ein ganske røff type og ikkje den som gir ved dørene. Så det han hadde å seia, var: «Høyr der, valmennene har votert, og 20. januar er du ikkje lenger president. Slik er lovene, og som justisminister veit eg at dei skal fylgjast. Det veit du òg. Du får venta til neste korsveg. Det vert ein periode på deg i Florida no, så lenge Biden er president. For han kjem til å flytta inn i Det kvite huset. Du har tapt, og det er eit utfall som du har plikt til å møta på verdig vis, slik andre taparar alltid har gjort etter eit presidentval, og du har ingen annan veg slik sakene no står.»

Barr vart intervjua på kanalen CNN, og journalisten spurde om han meinte at slik framferd, spesielt raseriet over nederlaget, diskvalifiserte Trump for presidentembetet.

– Nei, sa Barr. – Eg såg han på nært hald, og eg meiner han var ein god president. Det kan han verta etter neste val òg. Eg var alltid oppteken av at dei liberale ikkje skulle få makta her i landet. Dei står for langt til venstre for mentaliteten hos oss. Men resultatet vart eit anna, og det var den situasjonen som Trump og hans allierte måtte akseptera. Slik er reglane – og lovene. At folk ikkje set pris på eit nederlag, er ikkje noko sært for Trump, ikkje for andre politikarar heller.

Så Trump og huslyden hans gjekk om bord i presidentflyet på retur til Florida for siste gong – i denne runden.

Og så er det nok fleire enn han og venene hans som vil bruka energi på å fylgja, og helst vinna, den nye valkampen som vi har i vente i 2024.

For europearar flest står vel ein ny fireårsperiode med Trump ved roret i Washington frå januar 2025 som noko svært lite tiltalande, men det er eit utfall som vi nok kan førebu oss på, og både Barr og Trump, for ikkje å nemna nokre millionar amerikanarar, er mellom dei som helst vil ha det slik. Det hadde sjølvsagt vore mest fornuftig at det var nordmenn som valde presidenten i USA, men slik er det altså ikkje, og Atlanterhavet har ikkje vorte smalare på desse åra.

Det er sider ved Trumps temperament som mange finn vanskelege, raseriutbrota ikkje å gløyma, for all del, men folk vel dei sjefane dei vil ha, og så hender det at det går som Trump meinte det ikkje burde ha gått. Om det er godt for verda, er kanskje meir på det uvisse, særleg etter krigen som Vladimir Putin starta 24. februar.

Det er mager trøyst i sitatet som blir tilskrive den svenske politikaren Axel Oxenstierna, men som pave Julius 3. har større ære for etter det som lærde folk skal ha sagt: «Du ville förvånas, min son, om du visste med vilken oförstånd denna värld regeras.»

Slik har det vore lenge – Julius 3. sat i Vatikanet på 1500-talet. Og det er all grunn til å tru at det ikkje endrar seg. Vi andre må freista å få gjort det beste ut av det. Vi har ikkje så mange andre utvegar.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Du ville förvånas, min son, om du visste med vilken oförstånd denna värld regeras.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis