Ei kvinne av fin årgang
Modellen og dansaren Christine Keeler var innblanda i ei politisk sexskandale i 1960-åra.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Christine Keeler var frå årgang 1942. Men for meg vert ho aldri eldre enn 21 år, jamvel om ho rakk å feira 75-årsdagen før ho døydde no i desember. Det vart kanskje ikkje så mykje til feiring. I 2017 var ho ein 54 år gamal fotnote i britisk politisk historie.
Det er to synsinntrykk som sit att på netthinna mi: Det som er allemannseige, modellfotografiet der stolryggen dekker brystpartiet under det gåtefulle andletet og dei store augo, og så frøken Keeler på to meters hald, slik ho såg ut i ein kaffipause under skandalerettssaka i Old Bailey i London i juli 1963.
Som sommarvikar i Trønder-Avisa fire år tidlegare hadde eg rapportert frå rettssaker i Steinkjer, mellom dei ein minneverdig prosess om produksjon og sal av trøndersk heimebrent i meir imponerande kvantitet enn kvalitet, og der både det norske rettsapparatet og eit heimebrentapparat med særeigen lokal dåm hadde fått prøvd seg.
Spranget frå funkisstilen i det nyreiste samfunnshuset i Steinkjer til dei mørke eikeskrankane under dei høge kvelvingane i Old Bailey i City of London var sjølvsagt svære greier for ein enkel bygdegut. Men ettertanken melde seg hos mange eit par veker etter saka, da rettslokalet i nærleiken av St. Paul-katedralen vart stengt for oppussing. Ja, ikkje lokalet, men statuen av rettferdsgudinna på toppen av spiret. Det viste seg at ho ikkje berre måtte blankpussast, men skålvekta var ikkje i balanse og måtte justerast av vedlikehaldsmennene. Stephen Ward, ein motelækjar som vart sett under tiltale og kjend skuldig i å ha drive ei gruppe med imøtekomande kvinner som viste varm forståing for store menn, tok livet av seg med piller, men juryen rakk å domfella han før hjartet stansa.
Skandalen vart – og er – kjend som Profumo-affæren. Ein av dei store mennene var minister for hæren, John Profumo, og mellom venene til Stephen Ward og frøken Keeler var òg den sovjetiske marineattacheen, Jevgenij Ivanov. Dette førte til at ein nokså pedantisk tidlegare tryggingsoffiser i det britiske forsvaret, som no var arbeidarpartirepresentant i Underhuset, interesserte seg for saka. Valet hausten 1964 tapte dei konservative. Profumo – og Christine Keeler – fekk skulda.
Kvinna var fotogen, biletet av henne hadde slagkraft. Men på to meters avstand var det berre éin tanke som slo meg: Å setja ein politisk karriere på ministernivå over styr for den dama der, kunne ikkje tyda på god dømekraft. Eg hadde ikkje snudd på hovudet om eg hadde møtt henne på gata. Seinare har eg vel landa på den konklusjonen at ho må ha hjelpt ministeren med ei 40-årskrise eller noko slikt. Eller i meir vulgær versjon, som eg har frå ei talefør venninne av familien: «Om mannfolk berre ikkje var så dumme – men det er dei jo.» Grovt kjønnsdiskriminerande, sjølvsagt, men kanskje ikkje skivebom.
Det vart mykje journalistikk av Profumo-skandalen, for ein stor del av det kreative slaget. Tyskarane lanserte omgrepet «Keeler-Woche». Franskmennene fann ut det dei visste frå før, nemleg at den engelske nasjonen har eit usunt syn på tilhøvet mellom mann og kvinne. Det nokså tynne lystspelet No Sex, please, we’re British fekk ein drabeleg opptur på eit teater i London. Statsminister Harold Macmillan gjekk av, sant nok på grunn av sjukdom. (Men det var altså prostata, så alle problema og allusjonane duva og vaka i det same farvatnet.) Kort sagt: Det vart eit år rikt på hendingar for ein journalistisk førstereisgut.
Men Christine Keeler gjer seg framleis best på foto.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Om mannfolk berre ikkje var så dumme – men det er dei jo.»
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.