Ein ven mellom medisinarane – eg har mange fleire enn folk vil tru – fortalde meg ein gong korleis han gjer seg så liten han kan når ropet «Finst det ein lækjar i salen?» gjallar. Han veit at det ikkje nyttar, men det kan vera at ein yrkesbror melder seg før han sjølv vert utpeika og må ta den kvite frakken på, mentalt sett, og berga liv.
Korleis slikt kjennest, fekk eg ein gløtt av i Moskva for 48 år sidan, og der var det ingen gøymestader. På filmfestivalen i 1969 var det mykje fint folk, frå den greske stjerna Melina Mercouri til kongen av Kambodsja, som var filmskapar og hadde laga ein visjonær film, skulle det visa seg, om eit kupp mot han sjølv. Det var ein drusteleg delegasjon frå Sverige, og nordmannen Knut Andersen stilte med Brent jord, som han fekk pris for.
Da den svenske delegasjonen hadde pressekonferanse, mønstra russarane ein tolk som Vårherre hadde vore svært heldig med, men språkkunnskapane hennar var ikkje på nivå med utsjånaden. Hans Alfredson, halvparten av den intelligente gjøglarduoen Hasseåtage, var skarpsynt nok til at han straks merka det. Saman med dei nordiske journalistane hadde han brukt føremiddagen på Den raude plass, der han var nær ved å få påtale av politiet fordi han let Lenin-mausoleet gjera teneste som komediestaffasje i ein improvisasjon.
Alfredsons åndsevner var meir enn restituerte etter episoden, og det brygga opp til meir bråk da han skulle presentera den muntre filmen «I huvet på en gammal gubbe». Gubben hadde stort sett ikkje anna enn kvinnfolk i tankane, og i fabuleringane rundt dette emnet tenkte han seg sjølv som ei triveleg flaske som dansa på golvet, der han møtte ei enda trivelegare og rundare kvinneleg flaske som han rulla litt rundt med.
Dette vart ikkje til meir enn varm og nær venskap, men for dei sovjetiske arrangørane var det godt over grensa for det sømelege, og filmen vart ikkje vist på festivalen. Alfredson hadde snust seg fram til at det gjekk den vegen, og sa kva han meinte om det. Det vart vanskeleg for den blyge tolken, som streva, stotra og raudna, og dermed hadde eg peikefingeren hans i brystet mitt: «DU – skal översätta!»
Korkje dei sovjetiske arrangørane eller eg meinte at det var ein brukbar idé, men i tillegg til å vera ein raffinert komikar, hadde Alfredson både evner som regissør og gjennomføringskraft, som det heiter i dag. Så vi, altså russarane og eg, var i klårt mindretal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.