JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Det er trivelegast på toppen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Vladimir Putin har sagt at lenestolen er ein brukbar endestasjon.

Foto: Mary Altaffer / AP / NTB scanpix

3360
20200320
3360
20200320

For Vladimir Putin har visst pensjonisttilværet lite for seg. Han har sagt fleire gonger at lenestolen er ein brukbar endestasjon, men det har meir og meir fått karakter av munnsvær. Oftare og oftare nemner han no at det kanskje kan vera greitt, både for fedrelandet og for han sjølv, at han offerviljug og i landets interesse tek på seg dei tunge pliktene som det russiske styret legg på han. Ikkje av omsyn til seg sjølv – var det likt seg – men av omsyn til det krevjande landet, som må regjerast slik det sømer seg ei stormakt. «Tung, tung er Monomakhs huve», sa ein av herskarane frå gamaltida om 1300-talskrona av pels, skinn, gull, perler, edelsteinar og mykje annan stas, og med gullkross på toppen. Huva ligg i Kreml-museet, og det er ikkje for mykje sagt at ho osar av rå makt.

Denne månaden kom undertonen av denne makta på nytt til uttrykk på møtet i Dumaen, den russiske nasjonalforsamlinga. Da tok den første kvinnelege romfararen, Valentina Teresjkova, til orde for at Vladimir Putin av omsyn til landet ikkje bør seia farvel til toppstillinga i Kreml når presidentperioden hans er komen til endes i mai 2024. Ho gjekk inn for at herskaren får to seksårsperiodar til og vert sitjande heilt til 2036. Det vil seia to fireårsperiodar frå 2000 til 2008, så ein periode på fire år som statsminister til 2012, deretter to seksårsbolkar frå 2012 til 2024 og så to gonger seks år til fram til, ja, til 2036.

Interessant nok var han sjølv til stades på møtet, slik at ingen skulle vera i tvil om at alt var tilrettelagt og godt førebudd. Ein 36-årsperiode er ganske dryg, ikkje minst i russisk historie: Så dårleg som det har vore stelt med pensjonsordningane for russiske herskarar, har det snarare vore skikken med ei nokså brutal avkorting. Men Putin tek tydeleg sikte på å styra i lang tid.

Det han no legg opp til, lèt seg ikkje gjennomføra utan ei grunnlovsendring. Slikt kan lett ordnast. Det er ei rein formsak. Det kan gjerast i forfatningsdomstolen, som held hus ikkje i Moskva, men i St. Petersburg, i ein keisargul praktbygning som er minst like staseleg som noko Kreml kan visa fram, og som har Katarina den stores overdådige ryttarmonument til ære for Peter den store som næraste granne. Det viser Peter den stores triumf over den svenske arvefienden i den store nordiske krigen, berre så vi alle har klårt for oss kven som vann og kven som tapte.

Slik Putin gjorde da han slutta seg til framlegget om at han skulle fylgja etter president Medvedev i 2012, forsikra han også denne gongen alle om at det er rein offervilje som ligg bak ynsket om at han enda ein gong skal overta som statsoverhovud. Slik gjorde han ved årsskiftet 1999–2000, da Boris Jeltsin veik plassen, og i 2008. Vi ser det same mønsteret no. Alt tyder på at vi får sjå det på ny ved dei nye presidentperiodane som no står for tur.

Ein tidlegare statsminister, Mikhail Kasianov, opponerte spakt mot framlegget frå Teresjkova. Han fekk inga tilslutning, og truleg, for ikkje å seia temmeleg sikkert, går det slik Putin og ho, og fleirtalet i Dumaen, vil. Dette løyser eitt problem: Det vert aldri snakk om å grava i rykta om at Putin har samla svært store pengar på eigne hender i den tida han har styrt.

Det er nok enklast slik.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det han no legg opp til, lèt seg ikkje gjennomføra utan ei grunnlovsendring. Slikt kan lett ordnast.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis