Det ein vender ryggen til
Snøen er alltid med oss, melder Per Egil Hegge frå Panama. Foto frå førre vekes snøfall over New York.
Foto: Mike Segar/Reuters/NTB scanpix
Dei seinaste sju vekene har vi brukt på sørlegare breiddegrader i selskap med om lag tusen britiske borgarar og eit halvt dusin nordmenn. Dei siste har vendt ryggen til styggevêr, snøkaos, glattis og kuldegrader. Det same har britane gjort, men med det tilleggsgodet at dei slepp å fylgja strevet, minutt for minutt, med å koma seg ut av EU. Eller verta verande. Eller få til ei form for utsetjing.
Som veteranar frå tre norske EU- eller EEC-rundar – om vi reknar med søknaden i 1962 – kan den vesle norske delegasjonen her nikka attkjennande til mykje av rotet, kranglinga og inkonsekvensen. Dessutan har vi ein viktig føremon: 1972 er så lenge sidan at dei fleste fint greier å gløyma eitt av hovudargumenta mot medlemskap den gongen: Det som skulle verta EU, var ein rikmannsklubb av det riktig ekle slaget. Noreg var ein fattig, men ærleg og strevsam nasjon som ikkje skulle skitna til fingrane med noko så fælt som pengar, og som difor ville halda rikdomen ute og unna. 1994 og den andre folkerøystinga ligg ikkje meir enn eit kvart hundreår bak oss, men det er nok til å gløyma at visa da hadde fått ein litt annan låt: EU, som ikkje hadde vore så dyktige som vi til å handtera rikdomen sin, var no ute etter å få oss med på grunn av oljepengane våre, og det skulle dei så sanneleg verta i beit for å oppleva. Og slik gjekk det. Vi tek gull ikkje berre på ski, men òg i handlingsregelkombinert. Det må vera snøen. Som vi kjem tilbake til.
Den britiske folkerøystinga for snart tre år sidan viste at dei unge gjerne vil halda fram i EU, fleirtalet av dei litt eldre vil ut. Dei fleste i reiselaget vårt er godt vaksne; det seier seg sjølv når turen varar i meir enn to månader. Dei som er litt yngre, lyt arbeida for å betala pensjonen vår.
– Vi skal ut, slik at vi kan ta våre eigne avgjerder, sa ei bordvenninne ved frukostbordet her om dagen.
– Det er for mange som har døydd, og kva var det dei ofra seg for, om ikkje sjølvstendet vårt, og for at det engelske rettsapparatet og ikkje det europeiske, skal ha det siste ordet?
Det var ingen grunn til å øydeleggja stemninga ved å nemna at skottane, som har sitt eige rettssystem og dessutan kan visa til eit solid ja-fleirtal i juni 2016, meiner noko anna.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.