«Den som lyg og veit at han lyg …»
President Donald Trump er aldri i beit for nokon som kan få skulda.
Foto: Andrew Harnik/AP/NTB scanpix
Grunnopplæringa for den som vil setja seg inn i Donald Trumps lygarteknikk, er det enklast å datera til 20. januar 2017. Det var da han vart teken i eid som president i USA, og den første embetshandlinga hans var å slå fast at det var mange fleire til stades no enn åtte år før, da Barack Obama vart innsett. Bileta viste sant nok at det var langt fleire utanfor Kongressbygningen i 2009, men Trump gav katten i det. Han sa det var slik, og da var det slik. Og det som utan tvil var sant, var at Obama no var ekspresident.
Dette spelet, for eit spel er det, kjem i fleire variantar. Denne veka kom det utdrag frå den seinaste boka til Bob Woodward, stjernejournalisten som velta president Nixon i 1974, og som Trump gjorde stor ære på ved å gi så mykje som atten intervju. Woodward brukte lydband, og der kan vi høyra Trump fortelja, i februar i år, at han visste at koronaviruset var svært smittefarleg. Men han ville ikkje spreia panikk, og difor sa han ikkje noko om dette. I staden heldt han fast ved at koronainfeksjonen ikkje var verre enn ein vanleg influensa, som ville gje seg så snart det vart varmare i vêret.
Det vart oppstyr, og fleire ekspertar meinte at Trump hadde brote presidenteiden ved at han ikkje hadde fortalt kor farleg dette var. «Kriminell slendrian som har kosta 200.000 amerikanarar livet», sa ein av dei medisinske ekspertane. Som om ikkje det var nok, har Trump systematisk gjort narr av dei som har brukt maske til vern mot spreiing av viruset, og stempla dei som feigingar.
Forsvaret til Trump når han vert kritisert, er interessant: Han hadde sagt det til Woodward, og kva gjorde Woodward? Jau, han tagde frå februar heilt til september. Dermed hadde han svikta som journalist.
No er det slik at Woodward slett ikkje er president, og til skilnad frå Trump har han ikkje gjort nokon eid heller. Men som døme på at Trump aldri er i beit for nokon som kan få skulda, er dette overtydande. Og no i helga gav han eit intervju der han sa at «han hadde høyrt» at den demokratiske presidentkandidaten Joe Biden, konkurrenten hans no i år, går på dop for å greia den store påkjenninga det er å kjempa seg til ein plass i rekkja av presidentar. Ikkje eitt ord om kven han hadde høyrt det frå, ikkje eitt pip om at nokon hadde sett at gamle Biden (fødd 1943) driv med helsefarleg juks i innspurten av valstriden. «Eg høyrer at folk seier at Obama ikkje er fødd i USA og difor ikkje kan stilla opp som presidentkandidat», var refrenget hos Trump i fleire år før han sjølv melde seg på i 2015. Etter at Trump var utropt som vinnar i november 2016, fekk han eit direkte spørsmål om han verkeleg trudde at Obama ikkje var fødd i USA, og da svara han direkte: «Obama er fødd i USA.» Men ikkje snakk om at han i fleire år hadde spreidd falske påstandar eller at han kanskje tenkte å be om orsaking: Av advokaten sin gjennom fleire år, Roy Cohn, hadde Trump lært éin ting: Du skal aldri – ALDRI! – vedgå ein feil. Roy Cohn (1927–1986) tok grunnkurset i lyging som rådgjevar for senator Joseph McCarthy heilt til senatoren drakk seg i hel, så her snakkar vi om ekspertise på høgt nivå.
I ein norsk almanakk i okkupasjonstida vart det sett inn eit fyndig ordtak på datoen 20. april, Adolf Hitlers fødselsdag: «Den som lyg og veit at han lyg og veit at andre veit at han lyg, og endå lyg, han må ha den vonde sjølv til førar.» Som kjelde var redaksjonen kreativ nok til å oppgje Håvamål, noko som ikkje er sant. Det skal Donald John Trump ikkje ha skulda for; han vart fødd i juni 1946.
Det greier seg lenge å fylgja med i utsegnene, om ein ikkje vil ta utgiftene med å kjøpa alle dei Trump-bøkene som no fyller hyllene i amerikanske bokhandlar og i forlagskatalogane. Men eg har høyrt at dei ikkje klatrar så raskt mot toppen på salsstatistikken, om det aldri så mykje er val 3. november.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Roy Cohn tok grunnkurset i lyging som rådgjevar for senator Joseph McCarthy heilt til senatoren drakk seg i hel.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.