Den siste måndagen i mai
Anders Tegnell, statsepidemiolog hjå Folkhälsomyndigheten, på måndagens pressekonferanse om koronapandemien.
Foto: Jonas Ekströmer / TT / NTB scanpix
På førehand veit vi lite om det meste, og i svært mange år har det undra meg at ikkje fleire skjønar at det er best på den måten. Men det går mot sol og sommar, og kvifor skulle ein ikkje kosta på seg, for ein gongs skuld, å leggja eit prinsipp til side og våga seg frampå med ein spådom: Den siste måndagen i mai i år kan verta ein merkedag i den svenske kalenderen.
Kva var det så som hende for fire dagar sidan, altså den 25. mai?
Da passerte talet for koronaoffer i Sverige 4000, og prosenttalet for dei svenskane som har tillit til helsevesenet sitt, gjekk ned frå 69 til 61. Talet på døde er uhyggjeleg, jamvel om prosentnedgangen mellom dei tillitsfulle ikkje er katastrofal. Men same dagen kom det fleire kritiske spørsmål på den daglege pressekonferansen som Folkhälsomyndigheten gir. Dei kritiske har det ikkje vore mange av; det var først da aviser som Financial Times og Le Monde melde seg med nokre litt skarpe synspunkt i veka før 25. mai, at det rykte litt i dei svenske pressefolka. Dei har vore uvanleg spake heilt sidan mars.
Måndagen hende det meir:
Det var første gongen dr. Anders Tegnell, sjefen for Folkhälsomyndigheten, brukte ordet diverre om det høge dødstalet. Han var likevel nokså iskald framleis, i dei rufsute fløyelsbuksene sine, men så merkbart irritert at han hekta på ei forklaring: Sverige hadde gjennom fleire hundre år handtert epidemiar. Så ingen måtte koma og seia at dei svenske ekspertane ikkje visste kva dei heldt på med.
Dagen før var det ein medlem av den svenske regjeringa, sosialminister Lena Hallengren, som hadde sagt noko i den duren. Ikkje med så reine ord, for i grannelandet vårt er det ikkje god skikk å kritisera ekspertar. Men midt oppe i all rosen hennar til Folkhälsomyndigheten og den strategiske planlegginga der sa ho: «Vi kan ikkje vera heilt trygge på at det vi gjer, er rett.» Ho la til at styresmaktene ikkje, slett ikkje, la nokon prestisje i dei avgjerdene som var tekne. For dei kunne omgjerast dersom ein fann ut at det var feil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.