Den kinesiske forbanninga
Åtvaring ved inngangen til Ullevål universitetssjukehus.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Det er stor skilnad på den kinesiske og den danske forbanninga; kinesarane er med alle vismennene sine mykje meir filosofiske enn danskane, som er meir praktiske og jordnære.
Den kinesiske forbanninga lyder: «Måtte det vera lagnaden din å leva i historisk interessante tider.» Ein skal ikkje ha lese mange sider kinesisk historie før ein skjønar at å få uvarsla dosar derifrå, altså frå historiebøkene, på nådelaus ferd gjennom bustaden kan verta ei kraftig forbanning som gjer både det eine og det andre, ikkje berre med heimestova, men med sjølve eksistensen og tilværet.
Danskane, dei meir urbaniserte medrekna, har ikkje gløymt at dei enno, uansett all modernisering, lever i eit jordbruksland. Så den danske forbanninga lyder, anten åndsfyrsten N.F.S. Grundtvig stod fadder til henne eller ikkje: «Måtte du få kløe i rævva og ha for korte armar.» Som ein variant av påskebodskapen er kanskje dette litt for jordnært, men både den danske og den norske bonden veit at grøde og vokster kan koma i så mange slags former med ulik lukt, så ein får ta forbanningane i blanding med velsigningane. Sluttproduktet kan verta godt, trass i alt.
Da eg tok til å snufsa og hosta litt eit par veker før påske, var det like greitt å lesa seg opp på koronaviruset i venting på noko av det som kanskje kunne vera i emning. Det kom godt med å rådføra seg med eit par av dei lækjarane som dei siste par åra har fylgt godt med og overvakt kreftbehandlinga mi; dei får stadig nye medisinar med krunglete namn og interessante sideverknader. Den eine er ein nær slektning av Thalidomid og er merkt «kan skada ufødd barn» i den islandske teksten på pakninga, så kom ikkje og sei at gamalnorsken har falle på steingrunn – jamvel om barneproduksjonen er unnagjord for vår del. Sanninga er at Thalidomid var eit gigantisk framsteg; preparatet skulle berre ikkje ha vore gjeve til gravide før medisinmennene hadde undersøkt tinga litt grundigare.
Koronatesten hadde form av ein ilter, lang pinne svært høgt opp i nasen, og neste etappe, for min del: utgangsforbod, heimeliv, ekstra lang middagskvil og mykje telefonkontakt, pluss ein ektefelle som så langt har gått fri. Det er greitt nok for ein pensjonist med barnebarn som er så pass store at ein prat med bestefar ikkje treng ha aller høgaste prioritet fleire gonger om dagen, i alle fall ikkje om ein ser det frå dei unge si side. 14 dagar med koronakarantene skal nok gamlingen greia ut med; i bokhyllene er det framleis mykje som godt kan lesast minst ein gong til. Dessutan var dette ei god vidareutdanning i hypokondri; det galdt å merka seg dei nye smertesymptoma og samanlikna dei med det som stod i boka, og så er det tidtabellen for kor raskt det går at smertene vert veikare – om det no skulle gå den vegen. For ikkje å nemna samanlikninga mellom kreftplagene og koronavondtet; skulle dette halda fram enda eit par veker, er eg snart kvalifisert som sjølvlærd førelesar.
Her har eg ei sjølvskapt kjensle av at eg er med på å flytta nokre grensestolpar: Når du har vondt både av kreft og av koronavirus, må det da vera greitt både for den hypokondriske og for medisinaren å få vita kva som er det eine, og kva som kanskje er det andre. Og greitt er det sjølvsagt å bruka visdomsordet frå Kolingen: «Det är trävligast att få leva, för då får man veta hur det går.»
Vi får kalla det «den svenske velsigninga».
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Koronatesten hadde form av ein ilter, lang pinne svært høgt opp i nasen.»
Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.