Dei verkeleg skoleflinke
Korsongarar i titusental samla i Tallinn 7. juli for å markera 150-årsdag for ein nasjonal songtradisjon som ikkje minst mobiliserte estlendarane til songrevolt mot sovjetokkupasjonen i 1980-åra.
Foto: David Keyton / AP / NTB scanpix
All den tid vi nordmenn – og kvinnene ikkje å gløyma – kan konkurrera i handball og langrenn for damer, er det ikkje så farleg med leseevnene så lenge vi kan stava oss gjennom resultatlistene. Dei er kanskje ikkje like oppmuntrande når vi skal sjå på utfallet av Pisa-prøvene, men det hjelper å stålsetja seg, retta ryggen og ikkje gå i svart.
Er ikkje det nok, er det berre å baska seg i den siste løypemeldinga frå oljefondet, rettare sagt «Statens Pensjonsfond Utland», og gleda seg over at ein må ha astronomiske talomgrep for å skjøna kor kvikt pengebingen vår veks. Pengebingen vår.
På Pisa-lista vart det norsk åttandeplass denne seinhausten, og atter fekk vi oppleva at det er 15-åringane i Estland som toppar tabellen.
Om vi kanskje til dagleg ikkje tenkjer på estarane som eit nordisk folk, er det minst to grunnar til å gjera det: Sjølve gjer dei just det, og det heng saman med meir enn det som kartet over Nord-Europa viser oss. Huslyden Hegge fekk det inn med skei, kniv og gaffel i dei åra da vi hadde estisk-amerikanske grannar i Washington. Dei hadde utvandra til Canada mot slutten av krigen, men slo seg snart ned i USA. Når dei hadde fest, baud dei eit sneis estiske utvandrarar, og så oss. Heile tonen, heile arrangementet, var skandinavisk, jamvel om ingen snakka svensk. Maten bar litt preg av finsk kokekunst, og estisk folkedans verkar svært estisk, men kjensla av kortreist og nær kultur var gjennomtrengjande. Og ingen vestfolding kunne ha lagt meir sjel i jonsokfeiringa enn dei estiske venene våre, jamvel om det vert tidleg mørkt i Washington ved midtsommar.
Men altså Pisa-målingane, som ikkje har det minste med eit skeivt tårn i ein by i Toscana å gjera; det er ei forkorting. Kvifor ligg Estland på topp?
Det skandinavar flest ikkje veit om kor effektivt det estiske kulturvernet er, kan oppsummerast slik: Det skal noko til for ein knapp million menneske å halda på sitt eige språk når du i to generasjonar har hatt 200 millionar eller så som snakkar slaviske eller tyrkiske tungemål, rundt deg. Og det galdt meir enn dagleglivet, det gjekk heilt til topps: Estland var den einaste sovjetrepublikken der det var mogleg – og lovleg – å ta universitetseksamen på høgste nivå på morsmålet. Eller doktorgrad for den del. Det var tungvint, for mykje av lærestoffet var på russisk. Men det var ei hjarte- og prinsippsak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.