JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Dei som lyttar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Husværet til Treholt stod under konstant overvåkning og kontroll. Foto: POT

3824
20170310
3824
20170310

For dei som er heilt ute av stand til å lata vera å fylgja den nye amerikanske presidenten time for time, vart den første marshelga og ein god del av denne veka dominert av tvitringa hans tidleg ein laurdag morgon. Som frynsegode fekk dei mest ihuga av oss svar på spørsmålet «Kvifor driv han på enno?»

Mannen som sa nei til å ta byrdene som kommunikasjonssjef for president Trump, Jason Miller, fortalde at han ville ha meir tid til familien. Han sa òg at Trump hadde rådført seg med han om tvitringa, dei korte meldingane som kjem frå sjutida om morgonen og utover dagen. Burde han slutta med det no? Det var det Obamas visepresident Joseph Biden meinte: «Du er stor gut no. Du er president om nokre dagar. Slutt med desse greiene.»

Miller sa det motsette: «Hald fram. Dette er det ekte deg. Du får ut til folket det du meiner, utan at journalistane skal rota det til og vrengja sund orda dine.»

Det kom eit lite signal laurdag 4. mars, da presidenten var i full sving klokka halv sju. For første gongen på svært lenge feilstava han eit ord, «tapp» med dobbelt konsonant i staden for «tap». Det tyder «avlytta, tappa». Og så kalla han Obama for «ein dårleg (eller sjuk!) fyr».

Utan prov – og det har vore viktig for pressefolka – skulda han Obama for ei straffbar handling: avlytting av ein amerikansk statsborgar. Sjølv ikkje presidenten kan gjera slikt; han kan ikkje eingong be om det utan å bryta lova.

For å gi ekstra mål nemnde Trump Nixon og Watergate i same slengen. Nixon var jurist og kjende lovene, og han gjorde alt for å løyna at han skulle ha hatt nokon kontakt med avgjerda om avlytting av det demokratiske partikontoret i Watergate i Washington.

For den som hugsar litt norsk etterkrigshistorie, er det naturleg å setja opp ein teori som styrkar Obama-leiren i forsikringane deira om at dei ikkje har avlytta nokon i Trump-tårnet på Manhattan under valkampen. Samstundes fører denne teorien til at det ikkje er sikkert at Trump har dikta opp avlyttinga.

I slutten av 1970-åra og byrjinga av 80-åra merka den norske politikaren Einar Førde (1943-2004) at det av og til klikka litt rart i telefonen hans. Det hende òg eit par gonger at han fekk opptak av ei tidlegare samtale når han lyfte av røyret. Han skjøna at dette var nokså sikre teikn på avlytting, og tenkte at det var nokre frå «hysjen» – tryggingspolitiet – som interesserte seg i overkant mykje for det han dreiv med.

Da Arne Treholt vart arrestert i januar 1984, skjøna han både teikninga og lydane. Førde og Treholt var gode vener frå Arbeiderbladet, og mest truleg var det Treholt politifolka brukte høyrerøret på. No var det berre å venta på straffesaka. Ho kom, men det som vart sagt om «telefonkontrollen», gjekk for stengde dører.

Da vi budde i Moskva for snart 50 år sidan – Arne Treholt har bustad der no og arbeider som valutameklar – hende det at vener som ringde oss, fekk høyra den førre samtalen før dei kom til orde. Det var lite å klaga over; vilkåra var slik, og krenking av menneskerettar og snusing i privatliv måtte ein rekna med. Det var alltids jobb andre stader om ein tykte at telefonavlytting er prinsipielt forkasteleg.

Og så? Har folka i Trump-hovudkvarteret vore avlytta? Truleg ikkje, og det kan tenkjast at avlyttinga ikkje vart retta mot dei. Men om teknikarane hadde plassert nokre klyper på telefonen til ein og annan som ringde til ein Trump-medarbeidar, russarar til dømes, lèt det seg vanskeleg gjera at den det vart ringt til, kom unna avlytting. Og sjå om ikkje Wikileaks tysdag kveld la fram 8000 artiklar om korleis CIA kjem seg inn på telefonar og datautstyr til personar dei meiner er interessante. Det blir som med trålfisket. Det hender eit og anna kjem med utan at det var føresetnaden.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Da Arne Treholt vart arrestert i januar 1984,

skjøna han både teikninga og lydane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

Det er ein svir å oppleve korleis den bokelskande Matilda tar eit oppgjer med vonde rektor Trunchbull.

Foto: Grethe Nygaard, Rogaland Teater

TeaterMeldingar
DAG OG TID

Festleg framsyning av musikalen Matilda

Matilda har i årevis gjort suksess som musikal. No også på Rogaland Teater.

Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Grått og keisamt

Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

HumorFeature

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis