JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Danske tilstandar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Siv Jensen og Sylvi Listhaug ser fram til ein enklare kvardag.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

3540
20200131
3540
20200131

Dansk Folkeparti har ikkje brydd seg med så mange prinsipp, men det skal partiet ha: Det har alltid halde seg for godt til å hungra etter statsrådspostar og ministerbilar, ei form for politisk askese som eg av og til har rekna som noko i retning av beundringsverdig. I den flokken av prinsippsterke hamna Siv Jensen og Sylvi Listhaug for ei veke sidan, og vi som kanskje ville ha vore mindre motstandsdyktige mot slike freistingar om vi hadde fått sjansen, får gjera som Marve Fleksnes og gi oss ende over.

Men dei karaktersterke kvinnene og mennene i Dansk Folkeparti sør for Skagerrak hadde eit enkelt grunnsyn; dei satsa aldri på at politikk skulle eller kunne vera noko anna enn keisamt og grått – tvert imot visste dei så vel at slikt ikkje var til å unngå. Livet har den likskapen med politikken at det alltid er kvardagane det er flest av. Dei trøysta seg med at dei kunne få utretta meir utanfor regjeringa enn dei makta frå innsida av eit statsrådskontor. Lenge heldt dette synet stikk. Kvar gong den danske regjeringa trong eit støtteparti, slik som når budsjettet skulle godkjennast i Folketinget, stilte dei lojalt opp. Dei røysta både for avgifter og for høgare skatt. Vilkåret, eller prisen, var det same kvart år: Innvandringspolitikken måtte skjerpast, steg for steg. Eit budsjett må landet ha, og dermed vart det årvisst slik.

No vert det kanskje slik hos oss òg, etter at dei trugne og røynde statsrådane frå Framstegspartiet må ta føtene fatt eller læra seg å gripa telefonen for å få fatt i drosje. Tidene endrar seg, og omskolering er sunt – kanskje til og med naudsynt – for alle i ei tid da det meste endrar seg.

Ingen kan vita det sikkert, men det kan henda at det norske partiet som no leverte frå seg nøkkelkorta og gjorde slutt på Erna Solbergs draum om ei fleirtalsregjering som kan verta meir enn årsgamal, har forrekna seg. For i Danmark har det hendt noko: Mange av veljarane til Dansk Folkeparti ville ha meir handfaste resultat. Etter kvart trøytna dei på dei høgmoralske og prektige forsikringane om at ministerbilar var reinaste styggedomen. Og etter nokre år var det ikkje nok å tru på at eit anstendig politisk parti skal ha ryggrad og musklar til å stå imot slike freistingar og gå til fots om det ynskjer å flytta seg framover og oppover. Når veljarar trøytnar, går det slik diktaren så brutalt seier: Valresultata og meiningsmålingane syner at voksteren «veiknar og visnar, bleiknar burt».

Korkje i Danmark eller hos oss er det nokon som har peika på denne nye likskapen mellom Framstegspartiet i Noreg og Dansk Folkeparti. Begge partia har halde fast ved at dei ikkje er søsterparti og derfor ikkje kan, skal eller vil samanliknast. Omhyggjeleg har dei unngått å ha kontakt i form av utsendingar til partilandsmøte eller kopiering av programpostar. Den danske noregsvenen Piet Heins har med sitt kattedikt levert oppskrifta her, for begge:

Lille kat/ lille kat/ lille kat på vejen,

Hvis er du/ hvis er du?

Jeg er s’gu min egen.

Begge auka dei lenge i omfang og vart til store, eigenrådige kattepusar med farlege klør, heilt til voksteren som sagt stansa.

«Sitt eige» er både det norske Framstegspartiet og Dansk Folkeparti, etter ommøbleringa i det danske politiske landskapet i juni i fjor og det norske no i januar. Så får dei tolmodige mellom oss sjå om dette er ei oppskrift for einstøingar eller for dei som trivst best i samarbeid og gir katten i motstanden mot ministerbilar med sjåfør.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Sitt eige» er både det norske Framstegspartiet og Dansk Folkeparti.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis