Danmarks svar på Houdini?

Lars Løkke Rasmussen i pen dress.
Lars Løkke Rasmussen i pen dress.
Publisert

Det å gå til eit viktig møte utan å vera skikkeleg førebudd veit eg meir om enn eg skulle ynskja eg gjorde. Difor vil eg heller hugsa eit kommunestyremøte i Nord-Trøndelag for snart 60 år sidan, da eg som sommarvikar i Trønder-Avisa skulle referera ein diskusjon om ein ny aldersheim.

Kva bygda heitte, kan vera det same; kommunen gjekk med i dragsuget da Schei-komiteen hadde sagt sitt fem år seinare, og finst ikkje lenger på det administrative kartet. Ordføraren fekk nokre spørsmål om aldersheimen, kva han skulle kosta, og kvar han skulle liggja, og kor stor han skulle vera. Det visste ikkje ordføraren, og slett ikkje visste han kvar pengane skulle koma frå. For i kommunekassa var det fjære sjø, og skattegrunnlaget var skrint.

Saka vart utsett på grunn av ei like skrinn saksførebuing, og i 1964 ordna Schei-komiteen resten.

Det året vart Lars Løkke Rasmussen fødd i Danmark. Tida går, og i 2015 vart han statsminister att, året etter at han heller ikkje sjølv trudde han kunne overleva som partileiar. Ingen stor skandale – i Danmark er det berre bank- og skatteetaten som opererer med svindel, triksing og søl i mangemilliardklassa. Løkke hadde rota litt med dei private tinga sine, nokre år tidlegare hadde han som sosialminister kravt å få refundert reisepengar han ikkje hadde fullgode kvitteringar for (småsummar samanlikna med prestasjonane på Løvebakken for tida). No hadde partiet Venstre kjøpt dressar, skjorter og til og med eit par dusin underbukser til han utan at han hadde ført verdien som inntekt. Det var dessutan eit par meir eller mindre gode partivener som sikla på toppstillinga, og karikaturteiknarane fekk spesielt mykje ut av underbuksene. Partiet hjelpte til med det uslåelege argumentet at grunnen til kleskjøpet var at han måtte sjå godt ut under valkampen i 2015.

Men den kvelden dei politiske nekrologane var ferdige til å gå i trykken, utmanøvrerte han alle og stod der som ein Lasarus’ tvilling. I pen dress.

Om det skulle gå bra for han om ti dagar, ved folketingsvalet 5. juni, er det enda meir overraskande. Men den største overraskinga så langt leverte han sjølv 16. mai, da han gav ut ei bok der han lanserte tanken om ein koalisjon med sosialdemokratane og leiaren deira, Mette Frederiksen. Da hadde han i ti dagar åtvara veljarane mot å sleppa slike folk inn i regjeringskontora.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement