Da det vart ny skole på Røra
Røra skole ser like vakker ut som han gjorde i 1963, etter fornuftig vedlikehald som dei tre kommunane – no éin kommune – har betalt for.
Foto: Inderøy kommune
Eit sitat som ein av yrkesbrørne mine, Karl Marx (1818–1883), har fått æra for, lyder: «Historia gjentar seg, første gongen som tragedie, andre gongen som farse.» Som så mange andre utanrikskorrespondentar – ein annan kollega heiter Boris Johnson (f. 1964) – tok han ofte feil. Men vi har funne vår vel fortente og rettmessige plass i ei gruppe som ikkje gir seg så lett, kor alvorlege feila våre enn kan vera: Om ein no til dømes skulle meina at tyskarane hadde mykje av skulda for at både den første og den andre verdskrigen braut laus, så er det ingen innertiar å seia at den siste av dei var ein farse, jamvel om den første var tragedie meir enn stor nok.
På det litt mindre alvorlege historiske nivået kan det vera eit poeng i å sjå på skolehistoria i ein liten kommune som heitte Røra, i dag ein del av Inderøy kommune i Trøndelag. Røra og nabokommunen Sandvollan vart slått saman med Inderøy i 1962, eit resultat av det arbeidet som Schei-komiteen hadde gått i gang med i 1946. Komiteen hadde namnet sitt etter leiaren Nikolai Schei, som var fylkesmann i Sogn og Fjordane. Talet på norske kommunar gjekk ned frå 744 til 454 før komiteen var ferdig. Det var strid land og strand rundt om mange av desse avgjerdene, men i Inntrøndelag gjekk det fredeleg for seg, like fredeleg som da Mosvik og Inderøy slo seg saman for berre eit par års tid sidan. Strid vart det heller ikkje i dette tiåret, da Verran fann ut at det var ein god tanke å verta ein del av den nye storkommunen Steinkjer, og slik vil det nye kommunekartet sjå ut frå årsskiftet.
Men så var det altså Røra i 1962. På Røra, som skal uttalast med einstavingstonelag, altså som substantivet forma og ikkje som infinitiven forma, hadde dei ein gamal og nokså rufsete skole. Dei hadde ikkje pengar til å byggja ein ny, men Schei sådde den gode ideen at den rekninga kunne dei vel få Inderøy til å ta. Det er lett å bruka pengar, og enda mykje lettare dersom ein slepp å bruka sine eigne. Dei – rørbyggjene, altså – rakk akkurat å vedta dei nye skoleplanane sine, teikningar, byggjebudsjett og arkitektur, før inderøyningane skjøna – nå ja, teikninga. Dermed landa rekninga hos kommunekasseraren på det nye og gamle bygdesentret på Straumen i Inderøy. Å ta med ein dugeleg gjeldspost inn i eit nytt ekteskap kan ha sine sider, men reint økonomisk vil det tvillaust gjerne svara seg.
For så vidt fekk Karl Marx endeleg rett, jamvel om han hadde vore død og døv i 79 år. Han får rett i svært mange norske kommunar i år. Den som fylgjer med i avisene, vil ha sett at fleire av dei som går til alteret med ein større kommune no, friskt og djervt har kasta seg ut i store byggjeprosjekt som den nye sjefspartnaren i den nye storkommunen må betala. Det ville ha lønt seg for mange å lesa seg opp på kva dei lure og kvikke på Røra fekk til så tidleg som da Einar Gerhardsen enno styrte i landet.
Av skolen på Røra, som har 110 elevar, er det eit vakkert fargebilete på Wikipedia. Der ser skolen ut som han gjorde i 1963, sikkert etter fornuftig vedlikehald som dei tre kommunane – no éin kommune – har betalt for. Så får andre avgjera om dette er ein farse, slik Marx sa, eller om det berre er rørbyggjene som er litt raskare i snuinga enn dei sindige inderøyningane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.