JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Brått klimaskifte

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Minnesmerke på Gran Canaria: leksvikingen Bjørn Lyng.

Foto: Wikipedia

3826
20171201
3826
20171201

Ein skal ikkje ha snakka lenge med ein norsk nasjonalromantikar eller -patriot før dei glidande, langsame overgangane frå den eine årstida til den neste kjem på tale. Her til lands får ein ikkje våren utover seg ved eit bråkast. Snøsmeltinga går med norsk fart, og vert det storflaum, kjem han gjerne ikkje før i juni. Klimaendringane skal vel skipla denne årsrytmen òg, men på Austlandet, og spesielt i Oslo, er november påliteleg: Det mørknar smått om senn heilt til skodda brukar viskelêret sitt både på daggry, middag og soleglad. Alt vert grå graut, det har ikkje hast med noko, og det er eit heilt halvår til 17. mai.

For å verta privat: November har aldri hatt noka høg stjerne hos meg. Så dei siste åra har vi emigrert til eit lite stykke Noreg på Gran Canaria, og da vert skiftet mellom årstidene noko anna. Det har litt med luftvegar, snørr og harking å gjera, men det har ei sambandsline til Innherred med. I Arguíneguín lengst sør på Gran Canaria såg leksvikingen Bjørn Lyng (1925–2006) noko heilt anna og mykje meir enn ein bergknaus da han oppdaga ein bergknaus. Han drog dit etter litt usemje med likningsnemnda, som det heitte den gongen, i både Leksvik og Trondheim, og så bygde han bergknausen om til eit ferieslott som folk kunne kjøpa seg ein del av.

Ideen hadde han fått i USA; det heiter noko så inntrøndersk som timeshare, og i traktene rundt knausen har du større nytte av å skjøna Åsen-dialekt enn spansk. Eg veit det; eg har vore tolk for Oslo-folka som treng handverkarar frå det norske innlandet. For dei finn du her; du skal berre ikkje freista å overtyda dei om at arbeidet kan gjerast jamvel om det er seks daglege timar norsk fjernsyn med skriking på grunn av langrenn og skiskyting. Det viktigaste først, og da er spansk heilt uinteressant.

Etter fire veker med sol og 25–27 grader landa vi på Gardermoen ved midnatt laurdag. Overgangen til ei anna årstid må vi da meistra på nokre timar, toppen éi natt. Det er ved slike høve vi får prøvd omstillingskompetansen vår, eit ord som ikkje var oppfunne for ein generasjon sidan. Grunnen til at det ikkje fanst, var at det ikkje var bruk for det. No har både turistreisene til varme land og heimturen til jul gjort oss gladare og meir språkmektige på norsk. Ja, for det er ikkje langt mellom smila i dei norske fjesa på Gran Canaria – ikkje før kaoset bryt laus på flyplassen når det er på tide å koma seg heim til jul.

Så vaknar ein, solbrend og i brukbar form, ut på føremiddagen søndag, og brått er det ikkje sol og 20 grader lenger, med havbris og lovnad i lufta om temperaturauke til tett oppunder 30. Var det gale å reisa så langt berre for slikt?

Eg trur ikkje det. Folk verkar velnøgde, dei fleste er i ein generasjon som har gjort seg ferdig med flatfyll og grisefestar, dei går lange turar i det som nærast er ørkenlandskap, og der både snø og granskog manglar. Det er enno litt for mange menn som er overtydde om at ein naken, ballongforma norsk hengemage som breier seg ut over ei beltereim som har ein stri kamp mot tyngdekrafta, er ei estetisk vinning. Så ein porsjon med dårleg syn hjelper godt på trivselen.

Det finst eit trøndersk minnesmerke: Avenida Bjorn Lyng opp til det norske helsesenteret, ei steinplate til minne om at Bjorn Lyng la ned grunnsteinen i midten av 1990-åra, byste av Bjørn Lyng (endeleg kom ø-en med), og eitt og anna norsk flagg og lovnader om rømmegraut, sild og vaflar, om ein ser meir nasjonalt på det. Men framfor alt: sol. Og i horisonten den vakraste framtidsvisjonen som nordmenn rugar på i sine innlandshjarte, overskrifta over alle overskrifter i alle julehefte: Heim til jul.

Det finst alternativ: Berre 50 busskilometer borte ligg Las Palmas, ein spansk og europeisk storby der VG ikkje ligg øvst i avisstativet.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein porsjon med dårleg syn hjelper godt på trivselen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis