Berre 61 dagar til skiftet
Donald Trump har ymist ugjort som president, ikkje minst her på Trump National Golf Club i Sterling i Virginia.
Foto: Joshua Roberts/Reuters/NTB
Folk har ofte sine eigne spelereglar, og Donald Trump har hatt den føremonen – om det skulle vera det rette ordet – at han kan finna opp nye, og/eller justera dei, heile tida. Så denne veka har han sagt, ikkje berre ein, men to gonger, at det vert presidentskifte i USA 20. januar, altså to månader frå i dag. Dermed kan han, ut frå sine eigne reglar, enno i så godt som ni veker seia, mange fleire gonger enn to, at det ikkje vert nokon annan president enn han.
For det var Joseph Biden som tapte presidentvalet 3. november, og han sjølv, altså Trump, som vann. Derfor passar han på at republikanarar stort sett ikkje brukar uttrykket «president-elect» om Biden. Kor lenge han så vil leika seg på denne måten, veit ingen, kanskje ikkje eingong han sjølv.
Når vanlege folk har nådd 25-årsalderen, har dei oftast vakse frå slike fakter og i alle fall frå så brå regelendringar i viktige saker. Men vi er alle ulike, og ein må lyda regelverket der ein er. Og så kan ein avsetja han som ordnar med avviklinga av valet, så vert det alltids enda meir flokut.
Det er berre det at det meste av dette er alt anna enn morosamt. Krigane i Irak og Afghanistan var aldri det, og påtroppande president Biden, som ikkje er nokon stor humorist, men heller ikkje heilt utan sans for humor, tok i helga opp eit emne som har eit visst alvorspreg: Når mennene og kvinnene rundt president Trump ventar eller somlar med å ordna med at den komande presidenten får dei daglege orienteringane han skal ha om verdssituasjonen, er det langt viktigare enn femåringsfakter i sandkassa.
– Dette kostar menneskeliv, sa Joe Biden i helga da han snakka om at dei nye rådgjevarane hans heller ikkje vert orienterte om dei tiltaka som alt er førebudde i kampen mot koronapandemien.
Og det let til at det for president Trump framleis er viktigare med litt ekstra tid på golfbanen enn å sjå på kva som kan gjerast med epidemien. (Kontrasten til den svenske statsministeren, som no omsider har skuva helsedirektør Tegnell bort frå talarstolen og tydelegvis har tenkt å gjera noko med den gruvekkjande svenske dødsstatistikken, er fascinerande.)
Og sidan det er snakk om golf, har dei fleste sikkert gløymt at president Donald Trump som fersking i 2017 brukte svært krasse ord om at Barack Obama hadde vore altfor mykje på golfbanen i staden for å passa den jobben han hadde fått av veljarane.
Men Trump skal tydelegvis vera president til siste sekund, slik han har rett til. For denne veka kunngjorde den nyutnemnde forsvarsministeren hans at amerikanske soldatar skal trekkjast heim til USA frå Afghanistan og Irak, så om lag 3000 vert verande i kvart av dei to landa. Dei andre skal vera ute 15. januar, den siste veka før Biden tek over, noko som militære leiarar i USA har åtvara mot. Det same har generalsekretær Stoltenberg i Nato.
Trass i litt for mange humpar i vegen går det altså, nokolunde jamt og sikkert, mot eit formelt, korrekt og grunnlovsforankra presidentskifte kl. 18.00 norsk tid den 20. januar 2021. Men i to månader til vil president Trump bruka fullmaktene sine utan å rådføra seg med andre enn den absolutte toppsjefen i Det kvite huset: seg sjølv. Og inntil den dagen får Joe Biden skaffa seg dei opplysningane han treng til ein nokså krevjande jobb, på eiga hand.
Per Egil Hegge
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kor lenge Trump så vil leika seg på denne måten, veit ingen, kanskje ikkje eingong han sjølv.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.