Ambassadørnytt
President John F. Kennedy poserer i det raude rommet i Det kvite huset saman med den svenske ambassadøren Gunnar Jarring (t.v.) og kona Agnes, statsminister Tage Erlander og kona Aina.
Foto: Bill Allen / AP / NTB scanpix
Når ein har utropt seg sjølv til eit stabilt geni, hjelper det lite at det som all sjølvskryt er ærleg meint: Det dempar trivselen å få høyra at ein ikkje er meir enn ein «klønete leiar for ei dysfunksjonell regjering». Slik gjekk det for det stabile geniet i Washington i helga – vi snakkar om president Donald Trump – da ein kritisk rapport frå den britiske ambassadøren i USA hamna i ei London-avis.
Det er ikkje dit slike rapportar skal; dei er til innvortes bruk, og dei er stempla som hemmelege.
Statsløyndomar byr dei sjeldan på, men når dei likevel helst ikkje skal spreiast, har det noko med både personvern og kjeldevern å gjera. Og ein ambassadør som brukar frodige adjektiv, kan få vanskelege arbeidstilhøve i den hovudstaden han eller ho rapporterer frå. Dei som diplomaten gjerne skulle ha snakka med, tenkjer seg om eit par gonger før dei seier ja til eit nytt møte.
Slik vert det nok for den britiske Washington-ambassadøren i vekene framover. Men han har vore stasjonert der sidan 2016, og han skal heim til jul. Så den store katastrofen har ikkje råka den britiske utanrikstenesta, jamvel om folk i London helst hadde vore dette forutan. President Trump vert sur, men det hender verre ting, og det kjem til å gå over, som det må heita på tafatt norsk. Det kling betre på engelsk bibelspråk: This too shall pass.
Dei som får sjå diplomatar i korta, må gjerne venta nokre år, og minikrisa no i juli er saftigare fordi materialet er ferskt. Det er vel på grensa til det perverse, men sommarvêret har ikkje vore betre enn at eg gav meg i kast med ei bok som kom ut i fjor, ei grei lita sak på 820 sider om Tage Erlander. Han var svensk statsminister frå 1946 til 1969, i 23 år. Jag har ingen vilja till makt heiter biografien, skriven av den svenske historikaren Dick Harrison.
For meg er det mest interessante ved boka ikkje det som ambassadørar har å fara med, men det som Erlander seier om somme ambassadørar. Eg kjende ein av dei, og vi vart ikkje gode vener. Det Erlander skriv i dagbøkene sine om Moskva-ambassadør Gunnar Jarring, skulle eg gjerne ha visst for 50 år sidan. Ikkje at eg kunne ha brukt det til noko, men det hjelper på sjølvkjensla at ein kanskje ikkje alltid er heilt på jordet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.