Alvorstungt politisk klovneri
Komikaren Volodymyr Zelenskij fekk flest røyster av alle kandidatane i førsterunden i presidentvalet i Ukraina.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB scanpix
Sommaren 2016 sende BBC eit intervju med ein tidlegare USA-korrespondent som hadde rapportert frå tre amerikanske presidentval. Han hadde vorte grundig lei av det, og det som var att av krefter etter eit strevsamt journalistliv, brukte han no på hagestell og pensjonistfilosofering.
Når dei gamle yrkesbrørne og -søstrene hans enda ein gong hadde stukke ein mikrofon opp i naseborene på han, var det i von om litt veteraninnsyn i den amerikanske presidentvalkampen det året. Eller meir presist: Kva meinte han om sjansane for ein heilt urøynd og svært ukonvensjonell kandidat som ikkje let seg styra av folkeskikk eller pessimistiske spådomar, og som heitte Donald J. Trump?
Orda måtte halast ut av han, men som den gode forteljaren han var, tok han utgangspunkt i ein inspirerande dialog han hadde hatt over hagegjerdet med den amerikanske grannen sin, eit godt stykke ut i den tredje og absolutt siste presidentvalkampen han skulle informera lydarane sine om.
Naboen hadde lagt merke til at den britiske journalisten reiste svært mykje under desse valkampane. Det var valmøte over heile USA, dei same kandidatane og dei same talane, men han reiste og reiste. Og så var det meiningsmålingar, fleire kvar einaste dag. Og det var samtaler med talknusarar og andre ekspertar. Naboen spurte ein dag kvifor han dreiv på slik. Tja, sjølvsagt for å halda seg informert, slik at han best mogleg kunne informera dei store skarane som fylgde reportasjane hans.
– Eg har sett litt på all denne reisinga di, sa naboen. – I din stad ville eg ha stilt meg eitt spørsmål: Kven av dei to hovudkandidatane ville gjera det best som leiar av eit fjernsynsprogram? Det er det avgjerande. Legg deg på sofaen, hald fjernsynsapparatet i gang, og så ser du ganske snart kven som vert ny president.
Sjølvsagt var dette eit råd korrespondenten ikkje fylgde, journalistar kan mangla det meste, men ærekjensle, det har dei. Så han heldt fram med reisene sine. Men som pensjonist hadde han ikkje gløymt visdomsorda frå den innfødde naboen, og no?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.