Alt heng saman med alt

Statsminister Gro Harlem Brundtland er kjend for formuleringa alt heng saman med alt.
Statsminister Gro Harlem Brundtland er kjend for formuleringa alt heng saman med alt.
Publisert

Det djupe visdomsordet i tittelen vert gjerne tillagt Gro Harlem Brundtland i statsministerperioden hennar i førre hundreåret. Og det som i mi tronge journalistverd har hange saman med alt ved dette årsskiftet, er så ulike faktorar som ein norsk roman som fekk Brageprisen, minnet om ein brysk, russiskfødd israelar som hentar ei norrøn bok ut av bokhylla si i Jerusalem i 1972, ei merkeleg hending under ein lynsjakkmeisterskap i St. Petersburg i romjula og ein russisk sjakkspelar med eit tungegymnastikknamn som Dostojevskij kunne ha konstruert, og som byr på underfundig visdom og innsyn.

Vi byrjar med slutten. Jan Nepomnjasjtsjij er ein av dei fremste lynsjakkspelarane i verda, hard konkurrent og nær ven av Magnus Carlsen. Etternamnet har rot i verbet pomnit, å hugsa. Med litt kreativ evne kan det omsetjast til «han som ikkje hugsar». Det han ikkje hugsa i romjula, var at han skulle spela mot Carlsen. I staden sat han på venterommet og prata med ein annan konkurrent. Da han omsider fekk områdd seg, var halvparten av dei tre minutta som ein lynspelar har til rådvelde, gått. For sjølvsagt starta den beinharde overdomaren klokka, slik reglane fastset, enda Carlsen bad pent for venen. Det Carlsen da gjorde, i staden for å utnytta situasjonen, var å gå med på remis (uavgjort) ganske kvikt.

VM i sjakk er nådelause greier, men Carlsen ville altså ikkje vinna på den måten. Han viste med andre ord ekte riddarånd.

Så må vi til Jerusalem. Boris Zukherman hadde gjennom heile 1960-talet vore ein pest og ei plage for det sovjetiske hemmelege politiet. Han var uoffisiell rådgjevar for dei opposisjonelle, som ofte vart arresterte. Sjølv berga han seg. Han hadde særlege føresetnader fordi han kunne det sovjetiske lovverket på rams. Derfor klaga han kvar gong politiet sette seg ut over det. I 1971 hadde dei fått nok av han og eksporterte han til Israel, der han fekk jobb som dataekspert. (Det heitte cybernetikar den gongen.)

Eg var interessert i å høyra korleis han fekk til dette; nokon lett balansegang var det ikkje. Han kjende at dei pedagogiske evnene hans kom til kort, så brått gjekk han bort til bokhylla og gav meg ei bok.

–?Kva er spesielt ved denne boka, spurde han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement