Alt går i ring
Frå den britiske serien «No Sex please, We are British!» frå 1973.
Denne veka er det 55 år sidan eg flytta til London for å ta fatt på den første korrespondentjobben min. 1963 skulle verta meir enn rikt nok på hendingar; Hugh Gaitskell døydde den veka, det britiske arbeidarpartiet måtte ha ny leiar og i mars stod det første biletet av ei ukjend dame som heitte Christine Keeler i avisene.
Slike historier var utenkjelege i norsk politikk. Visst var det vel ein og annan politikar som klådde litt på kvinner, men dette var ikkje avisstoff. Det var særengelsk, og frodige dramatikarar laga eit lystspel med mykje renning ut og inn av rom og med tittelen No Sex please, We are British!
Å sitja i gyngestolen eit halvsekel seinare med Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Venstre, Sosialistisk Ungdom og Senterpartiet, pluss Kristeleg Folkeparti for godt mon på toppen av saklista, var noko eg ikkje såg for meg, der eg sat i Old Bailey i London og noterte – og fekk heiarop frå redaksjonen heime med krav om berre litt fleire detaljar.
Sidan kom Bill Clinton og Lewinsky-saka. Heller ikkje slik skulle eller kunne vi ha det i fedrelandet.
Rett nok var det i Christiania på 1800-talet eit råskinn av ein redaktør som sa nei takk til eit tips om ei frisk historie om ein politisk motstandar som dyrka kvinner han ikkje var gift med. Formulerte seg godt gjorde han òg: «Eg er overtydd om at kjønnsdrifta er nokolunde likeleg fordelt mellom partia.» Han var samtidig med Bjørnson, så utan innsikt var han ikkje.
Djevelen sit, som alltid, i detaljane. Kor mykje skal vi, eller treng vi, få vita om Trond Giske og Kristian Tonning Riise? Kor går grensa mellom eit litt for sprelsk privatliv og den politiske prosessen? Vi trudde vel vi visste det, både politikarar og pressefolk, men når det vert maktmisbruk frå høgt plasserte tillitsmenn andsynes ungdomar som tek dei første vaklande stega på karrierestigen, er det kanskje litt annleis. Og når ein kultur- og kyrkjeminister kjem med gode tilbod til teologistudentar på prestemøte, skal det ikkje mykje dømekraft til å skjøna at slikt ikkje går.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.