JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Memoarar

Alt du treng å vita

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Dette er ein femåring som ikkje har like fin spade som kameraten i sandkassa», seier spaderegelen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

3629
20171208
3629
20171208

Kastevegring er ein tilstand som både psykologar og psykiatrar kjenner til: Ein så intens motvilje mot å kvitta seg med gamle ting at den kompliserte lidinga kjem på lista over sjukdomar. Det er ein diagnose som ikkje berre treng behandling, men plass. Mykje plass.

For meg gjeld det bøker, og når eg ein sjeldan gong maktar å samla sjelsstyrke nok til å kasta ei bok, får eg bruk for nett denne boka ei veke eller to seinare. Dermed er det klårt at ein ikkje kan driva med slikt utan å tenkja seg grundig og lenge om, altså øydsling med verdfull tankeenergi som heilt sikkert kunne ha vore brukt til noko nyttigare og meir produktivt.

For snart 30 år sidan kom det ut ei bok i USA med tittelen All I really need to know I learned in kindergarten (Alt eg treng å vita, lærte eg i barnehagen). Eg skulle hatt henne denne veka, men ein gong i det førre hundreåret gav eg boka til ein landsmann som ikkje berre hadde vore utanriksminister, men som vart det éin gong til. Dei beste avsnitta meiner eg at eg hugsar så nokolunde: «Hald fast i handa til venen din, særleg når de skal gå over ei trafikkert gate. Sjå både til høgre og venstre før de legg i veg.» «Ver alltid hyggjeleg og smil til andre.» «Kle deg etter vêret.» «Del godbitar med andre, anten det er noko du et, eller noko du seier.» «Når du har knust ei rute eller gjort noko anna som ikkje var bra, legg aldri skulda på andre.»

Rimeleg nok var – eller er – dette ei av dei få bøkene som lyset i livet mitt meiner eg ikkje burde ha kvitta meg med. Det har noko med yrkesbakgrunnen, utdanninga og livserfaringa hennar å gjera. Ho har mange år bak seg som barnehagelærar og har i tillegg oppdrege tre born og meg. Ho er kort sagt ei dame som har lært 3T-prinsippet til botnar: Ting tek tid. Annleis vert det ikkje.

Når ho les om folk med store ego – det er oftast menn – på avissidene som handlar om stor- eller småpolitikk, brukar ho spaderegelen: «Dette er ein femåring som ikkje har like fin spade som kameraten i sandkassa», eller enda verre: «Dette er ein som kjenner seg krenkt og sviken, og slår seg vrang fordi nokon har teke spaden hans.»

Da har meklingsmannen eit grunnlag for å forstå situasjonen, og for konfliktløysing. Ofte får lesaren, lydaren eller fjernsynsfilosofen i godstolen betre og djupare innsikt i vanskelege problem og tvistar ved å bruka denne innfallsvinkelen framfor å ty til tungt formulerte, ordrike analysar frå folk som både ser høgtidelege ut i andletet og har stiv snipp og ein doktorgrad eller to. Kunnskapsfiendtleg vil eg ikkje ha ord på meg for å vera – mange kunnskapsfiendar kastar bøker eller lèt vera å lesa dei – men det hender at det enklaste er det beste. Som no det før nemnde «Ver alltid hyggjeleg og smil til andre.»

Ved inngangen til denne andre helga i desember, der mange problem ligg uløyste, hadde det kanskje vore ein tanke å skriva om noko heilt anna enn barnehagetekstar. Til dømes om president Donald Trump, eller om leiarane i den olympiske komiteen i Russland, eller om kven som bør vera medlemer i den norske komiteen som deler ut Nobels fredspris slik Alfred Nobel ville det, eller kva for teoretiske matematiske modellar som bør nyttast og ikkje nyttast av forskarar og andre tankefulle menn og kvinner i Statistisk sentralbyrå.

Ja nettopp. Men kanskje var det akkurat det eg freista å skriva om. Og da kan det gå gale, heilt gale, om ein er så ansvarslaus at ein kvittar seg med bøker som er like gode og aktuelle i dag som dei var for 30 år sidan.

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når ho les om folk med store ego – oftast menn – på avissidene som handlar om stor- eller småpolitikk, brukar ho spaderegelen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.

Foto: Rachel Eliza Griffiths

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Ein takk til livet

Salman Rushdie nyttar språket som terapi.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis