Å tvinna Putin rundt fingeren
President Putin er jurist, ikkje ingeniør, og såleis lett å tvinna rundt fingeren, meiner den russiske radaringeniøren.
Foto: Novaja Gazeta
Mange vil sikkert meina at øvinga i overskrifta er risikabel idrott, og sjølv ville eg nok velja tryggare og meir gjevande syslar. Men det finst djervare folk, og ein av dei er ingeniør i det russiske rakettforsvaret, Andrej Gorbatsjevskij.
Denne veka gav han eit langt intervju til Moskva-avisa Novaja Gazeta, og han baud på ei drabeleg bøtte kaldvatn til dei russarane som måtte ha funne glede i den nyårsgåva som president Putin kunngjorde før jul: Ein ny, moderne rakett, som har fått namnet Avangard og som det ikkje finst forsvar mot, og ikkje vil finnast forsvar mot.
Dette stemmer ikkje, sa Gorbatsjevskij. Eit meir perspektivlaust prosjekt enn dette har vi aldri gått i gang med.
Frå journalisten, som heiter Irina Tumakova og arbeider i ein redaksjon der det heng fotografi i lekamsstorleik av sju medarbeidarar som vart drapsoffer, kom det naturlege spørsmålet: «Kvifor seier presidenten det da?
Svaret var kort og fyndig: «Presidenten får jo informasjon, men han er jurist og ikkje ingeniør, og det er lett å tvinna han rundt fingeren.»
Putin har ikkje – ikkje så langt – teke til motmæle. Men Gorbatsjevskij er ikkje ei einsam røyst: Dette kjem mindre enn ein månad etter den årlege meiningsmålinga frå instituttet Levada i Moskva. Ho viser at tilliten til Putin i 2018 gjekk ned frå 59 prosent til 39 prosent, og enda verre: 90 prosent av russarane er misnøgde med den pensjonsreforma som regjeringa har foreslått. Etter at Krim vart annektert for fem år sidan, kunne Putin skilta med ei oppslutning på godt over 80 prosent.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.