Utsyn frå Inderøy
75-års-«jubileum» på Bornholm
Sovjetsoldatar kjem til Sandvig, Allinge, der offiserane blei inviterte til middag på Dams Hotel i Krystalgade 19. mai 1945.
Foto Bendt Kjøller
Det gjekk heller stille for seg, men no i vår markerte danskane 75-årsdagen for den sovjetiske tilbaketrekkinga frå Bornholm – okkupasjonen som det ikkje vart noko av.
Det er ikkje eingong spesielt mange danskar som kjenner til at det var nokre tusen sovjetiske soldatar på den danske øya i elleve månader frå mai 1945 til april 1946. Dei tok i bruk dei tyske forlegningane.
Stort sett oppførte russarane seg disiplinert og korrekt, tyskarane gjorde det same og vart etter kvart sende heim til ruinane i heimlandet, og den uvissa som i mest eitt år plaga mange danskar: Reiser ikkje desse russarane snart? er knapt nok kjend av danske historikarar i dag.
Men hovudstaden Rønne og tettstaden Nexø på Bornholm vart bomba av sovjetiske fly fordi den tyske kommandanten på øya nekta å overgi seg i mai 1945, og derfor sat det ein god del krigsskrekk att på den idylliske øya i Austersjøen i dei månadene resten av Danmark feira freden.
Kven som hadde makta på Bornholm frå mai 1945 til april året etter, er noko nær eit filosofisk spørsmål. Den danske fylkesmannen i Rønne var rimeleg nok sterkt interessert i saka, og han ringde kvar dag til København utan å få greie på noko.
Når bornholmarane høyrde på dansk radio, kom det berre reportasjar frå det frigjorde og feirande Danmark, medan ingen ting vart rapportert frå Bornholm. Kronprins Fredrik, som ikkje vart konge før i 1947, kom på besøk saman med kronprinsesse Ingrid, gav ein stilig bankett for dei sovjetiske offiserane på øya, og alle skåla for kong Kristian 10. og den store Stalin, og for sigeren over tyskarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.