157-åring på sjøen på ny
Jekta «Pauline» var ved å slå hol i jarnteppet.
Foto: Jekta Paulines venneforening
Jekta «Pauline» har hatt eit nokså mangslunge tilvære sidan den første sjøsetjinga i 1860, og denne sommaren tek den gamle dama fatt på enda ein sesong. Av alle ting ho har vore med på, er det nestenbidraget til verdshistoria som er det fremste.
Det var ikkje langt frå at ho slo hol i jarnteppet; ho kom seg i alle fall til gamle trakter i Arkhangelsk i 1988, medan byen enno var i den delen av Sovjetunionen som eigenleg var stengd for utlendingar. Men mot slutten av Gorbatsjov-perioden gav russarane litt slakk for gamle vener.
For «Pauline» gjekk i fart på Arkhangelsk på den tida da pomorhandelen verkeleg ekspanderte og «Pauline» var ung og ny. No er det Egge Museum i Steinkjer som eig henne, men skuta har fast base ti kilometer sør for byen, i Kjerknesvågen på Inderøy, og vert brukt til lystturar – der ho for det meste luntar rundt i Trondheimsfjorden.
Før pinse kunne vekeavisa Inderøyningen fortelja om ein rundtur i Mosvik, der det òg vart bygd jekter på 1800-talet. Det var verft, eller slipp, som det heiter på lokalspråket, både der, på Steinkjer og på Inderøy, og jektefarten langs kysten frå Bergen til Murmansk og Arkhangelsk var så godt utbygd at Steinkjer – ingen typisk sjøfartsby – ved førre hundreårsskifte hadde 90 reiarlag.
På den tida, og fram til 1915, var det Olaf Berg som åtte «Pauline» etter ei grundig modernisering i 1897. Han var reiar på Steinkjer, ein altmoglegmann som dreiv handel og skreiv revytekstar. I tillegg var han den lokale baron von Münchhausen med historiene sine om Martin Kvennavika og Survikjekta, tydeleg inspirert av «Pauline». Han ordna òg med at det vart reist ein dugeleg æresport i 1896, da Otto Sverdrup skulle hyllast etter ferda med «Fram» over Polhavet.
Ikkje alt gjekk etter oppskrifta, korkje i dei åra eller i nyare tid. I 2001 skulle «Pauline» inn i Kvitsjøen og til Arkhangelsk på ny som eit innslag i Barents-samarbeidet. Men kva no årsaka var, hadde innreisepapira brått vorte ugyldige da båten kom til Kirkenes. Russland hadde fått ny president halvtanna år før, men det gjekk enno nokre år før både det eine og det andre vart vanskelegare under Vladimir Putin. Landet var ope på ein måte det aldri hadde vore i kommunistperioden, og både byen Severodvinsk like ved Arkhangelsk, der russarane byggjer kjernefysiske ubåtar, og det gamle middelalderklostret på Solovetskij-øyane, seinare ein av Stalins første fangeleirar, tok imot turistar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.