Bok
Zoom inn, still skarpt
Mørkerom er ein stilistisk vellukka roman om nærleik og avstand.
Mette Karlsvik har funne sin eigen måte å skriva romanar på.
Foto: Tove K. Breistein
Mette Karlsvik har funne sin eigen måte å skriva romanar på, der ein gjerne kjem inn i boka via eit oversyn, anten reint fysisk, at ein ser det viktige litt på avstand først, før ein kjem nærare og ser detaljane, eller ved ei vitskapeleg tilnærming, der hendingar først vert skildra objektivt og generelt, før teksten kjem til det spesielle tilfellet boka handlar om. I den nye romanen kan ein sjå årsaka til at det har vorte slik, utan at ho gjer noko poeng av det.
Årsaka ligg i bakgrunnen, både hennar eigen og farens. Faren var flygeleiar av yrke, men han hadde også ein hobby, beint fram ein lidenskap, nemleg fotografering. Og just slik har Mette Karlsvik vorte som forfattar, flygeleiar og fotograf. Ho styrer med fjerne objekt, og zoomar seg inn på dei nære.
Familiealbum
Først i romanen får me ei grundig skildring av korleis eit foster utviklar seg, etter kvart går teksten frå det generelle til det spesielle, det skjer umerkeleg, men fosteret vert ein person, og personen vert med tida far til forfattaren. Etter dette er mykje av romanen eit familiealbum, her er bilete frå typiske og utypiske situasjonar i livet til denne mannen som me etter kvart får vita mykje om, men på skånsamt vis. På same måte som Tormod Haugland, som òg skriv frå sin eigen familie i ein roman i år, Om dyr og syn, skriv Karlsvik utan å nytta namn på slektningane. Det kjennest som eit klokt val, for ord som mor, far, søster, fetter og liknande er då berre sikkert identifiserande for dei som kjenner familien, og ikkje for oss som lyt halda oss til boka.
Her er gode skildringar av oppvekst. Det skjer ikkje så mykje dramatisk i dei einskilde scenene, men dei teiknar eit bilete av totalopplevinga. Faren, flygeleiaren, har ein stressande jobbsituasjon med mykje overtid og sterke krav til konsentrasjon. Det går nok ut over harmonien i familien, der ein kan ana at alle har sitt å slita med. Dette vert ikkje poengtert med detaljar, for det er ikkje det viktige i romanen. Det som er motoren i handlinga, er faren, fotograferinga, mørkeromsarbeidet og jobben han har, ein jobb som øydelegg han, for det er ingenting som er meir øydeleggande for den einskilde enn stress.
Tett på
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.