JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ytringsfridomen er ikkje kva han var

Denne utgreiinga er viktig, men tek ikkje fatt i dei strukturelle grunnane til sjølvsensuren mellom universitetsfolk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anine Kierulf har leidd arbeidet med utgreiinga om ytringsfridom i akademia.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

6277
20220408
6277
20220408

Rapport

Akademisk ytringsfrihet.

God ytringskultur må bygges nedenfra, hver dag

Norges offentlige utredninger 2022: 2.

Så dårleg står det til med den akademiske ytringsfridomen, at det trongst ei eiga offentleg utgreiing for å drøfte korleis han er liv laga. Det mest normale i verda har alltid vore at akademikarar kranglar. Kvifor er det alltid minst tre medlemer av ein sakkunnig komité? Jau, får ein tre akademikar i same fagfeltet til å verte samde om noko som helst, så er det kan hende ikkje eit mirakel, men god nok grunn til å lite på resultatet.

Utvalet meiner (som eg) at største faren for akademisk ytringsfridom er at universitetsfolk er vortne for varsame. For å bøte på denne tilstanden tek utgreiinga opp ei lang rekkje råd til forbetring av ytringskulturen. Men dei er vel mykje låste til den gamle motsetnaden mellom extra muros og intra muros, det ytre og det indre livet, når dei seier dette: «På et overordnet plan kan de ses som utfordringer ovenfra – fra de myndigheter og oppdragsgivere som finansierer og styrer, nedenfra – fra de breddeoffentligheter akademia på ulike måter virker i, innenfra – internt i akademia, fra og mellom ledelse, kollegaer og studenter, og utenfra – som påvirkning fra og samspill med det nasjonale, internasjonale og geopolitiske landskap akademia er en del av.»

Hald kjeft!

Utvalet har mest ikkje teke opp dei utfordringane nye samfunnsoppdrag reiser, ikkje minst ved at mange gamle høgskular for profesjonsutdanning no er universitet. Og at det i slike samanhengar er inviterte mange nye, dyktige utanlandske kollegaer inn som ikkje utan vidare er vane med norsk diskusjonskultur, som helst vil halde seg unna kontroversielle samfunnsdebattar for å få fred til å kvalifisere seg vidare. Slik no ungdommen òg vert opplærte til, ved dei nye doktorgradsopplegga: «Hald kjeft og skriv, bli ferdig i tide, og driv formidling når du får beskjed om det», er ei grei oppsummering av mange – ikkje alle – doktorgradsutdanningar.

Så har vi det nye samvirket med omverda, oppmuntra på alle nivå frå helse og lærarutdanning til klimaproblem og ny teknologi. Lat oss hypotetisk ta eit fagmiljø som i stor grad er knytt til oljeverksemda, ja, som er så samanvove med den at det kan stillast spørsmål om kvar grensene går; det er leigd inn hjelp utanfrå, ein avgir kandidatar til samarbeidspartnarar alt før dei er ferdig utdanna, og så bortetter. Dersom då eit anna fagmiljø ved same institusjon gir seg til å dokumentere ukultur eller gamle ulukker i oljeverksemda, kan det skape reaksjonar: Både eksterne og interne krefter rører på seg og vil helst forpurre dei nye initiativa frå «framande» fagmiljø.

Samrøre

Dømet er ikkje fiktivt, snarare arketypisk for mange nye utfordringar for akademikarar, især om ein vil jobbe på tvers av fagtradisjonar. Det hypotetiske ligg i spørsmålet: Klarar samrøret av interne og eksterne interesser å regulere eller heilt stanse den forskings- og formidlingsverksemda og dei debattane som så er skapte? Alle som bur i dei meir utsette delane av akademia, kjenner triksa: påverknad av forskingsrådskomitear, manglande godkjenning av søknader lokalt, forhaling av framlegg, manglande lønsopprykk, ulike eksklusjonsmekanismar, meir og mindre subtile trugsmål, klage på forskingsetikk, forsøk på offentleg defamering eller anna.

Nyttig

Utgreiinga er etter mitt syn verdfull og på alle vis nyttig. Ho vil vere ei guidebok for dei som faktisk ønskjer å ytre seg, sameleis som rettleiing for leiarar i sektoren, i flekker for nykommarar. Her er mange systematiske drøftingar, gode råd og oppskrifter. Problemet er likevel at ein ikkje har teke fatt i dei strukturelle grunnane til sjølvsensuren mellom universitetsfolk. Eg trur ikkje vi kjem langt nok med å tilby didaktiske opplegg for ytringskultur.

Ei sentral hindring for fri tale er finansieringsordninga, som mest er umogleg å forklåre for lekfolk. Vi får ei basisløyving, dei nye universiteta mest 40 prosent mindre enn dei gamle. Oppå den kjem resultatstyrt løyving, som er utrekna ut frå studiepoeng, gradsgjennomføring, forskingspoeng og poeng for eksterne og især EU-baserte prosjekt frå for to år sidan. Systemet innbyr til konservatisme. Det som lønte seg for to år sidan, er det ein satsar på, og for å unngå at alt stivnar, er det hovudregelen at nye tiltak må finansierast ved interne omdisponeringar.

Inngrep

Nye tiltak er for tida mellom anna overføring av studieplassar til helsefag frå andre fagområde, det har Ola Borten Moe avgjort. At ein statsråd grip rett ned i omdisponeringa av studieplassar, slik det vart gjort i haust ved Universitetet i Bergen for barnevern, har aldri før hendt. No ser det ut til å verte normalt. Dei som då ikkje ynskjer å få nedskjeringar, legg seg helst ikkje opp i denne diskusjonen, før det er for seint.

Utvalet har rett i at kvar og ein har ansvar for å gjere ytringskulturen betre. Men det kan jo berre skje ved at ein får leggje fram kontroversielle spørsmål som ein så lærer kvarandre opp å diskutere fredeleg, slik vi lærer studentar å problematisere, definere, lage hypotesar, eliminere feil, gjennomføre metodiske granskingar.

Formidling

Det er gledeleg at utvalet gjer framlegg om poengtildeling for formidling. Det står mest aldri i arbeidsplanane til nokon; mange opplever meir enn klåre hint om å konsentrere seg om poenggjevande publikasjonar. Men statsråden seier at det er uaktuelt med poeng, for formidling skal og må ein drive i jobben som universitetstilsett. Altså står vi i skorfeste.

Heile systemet lærer nye kollegaer opp til å køyre sikkert løp, og då kan nye faglege kontroversar verke trugande, sjølv om milde ord vert nytta og ingen såkalla «harde» ordskifte førekjem. Det var normaltilstanden som vitskapsteoretikaren Thomas Kuhn sukka tungt over i eldre år: «Kvart fagmiljø vil til kvar tid kjempe imot kvar ny idé på kvart tenkjeleg vis.»

Det er ikkje minst desse konfliktane som må ut i ålmenta, og som må vernast mot sensur.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utvalet har mest ikkje teke opp dei utfordringane nye samfunnsoppdrag reiser.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis