Musikk

Wallumrødsk folkemusikk

Eit unikt solopianouttrykk er i emning.

Publisert

Christian Wallumrød er i ferd med å utvikla eit unikt uttrykk som solopianist. I dette uttrykket flettar han inn elektroniske instrument som blir brukte diskret, men til tider overraskande. Også pianolyden blir av og til manipulert, men like fullt er det pianoet som legg hovudtyngda av premissane.

Norsk folkemusikk har ein heilt sentral plass i fleire av dei sju komposisjonane – som alle er førte i pennen av Wallumrød. Det er ikkje snakk om slåttespel på piano. Forma er ofte fragmentarisk og «stangar» gjerne inn i kontrasterande musikalske idear eller har eit klangleg og harmonisk underlag som gjev musikken ein klar ambivalens.

Han varierer tempoet, endrar dei groovande figurane og legg inn medvitne «skødd» for å røska lydarane ut av komfortsona. Låtane «Self Volk» og «Nölen und laden» inneheld alt dette og er høgdepunkta på plata.

På den førre solopianoplata, Pianokammer (Hubro, 2015), var inspirasjonen frå Keith Jarrett tydeleg. På denne utgjevinga finn ein den same inspirasjonen i den fornøyelege «Gitar». Tittelkuttet «Speaksome» er ein herleg miks av norsk folkemusikk og blues – ein skikkeleg honnør til Jan Johansson.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement