Musikk
W for Wattstax
Det skulle ta eit halvt hundreår før musikkfestivalen i Los Angeles i 1972 vart skikkeleg dokumentert.
The Bar Keys på scena på Wattstax-festivalen.
Foto frå filmen
Enkelte namn er lada med historie i kraft av orda dei koplar saman – som Wattstax, som refererer både til Watts, ein bydel sør i Los Angeles, og til Stax, plateselskapet som vart stifta i Memphis i 1957. Den kløktige kombinasjonen passar godt, sidan Al Bell, som dreiv Stax på den tida, kom på å lage musikkfestival i Watts, ein idé som vart realisert 20. august 1972, då Wattstax gjekk av stabelen.
Det var politivald mot ein afroamerikanar som førte til store demonstrasjonar i nett Watts i 1965, der 34 menneske døydde i løpet av mindre enn ei veke, i tillegg til ei mengd personskader og arrestasjonar – hendingar som sjølvsagt framleis prega området då Bell laga ein Stax-maraton i Los Angeles Memorial Coliseum sju år seinare, med nokre av dei største namna i samtida på plakaten. Isaac Hayes, Rufus Thomas, The Staples Singers og mange fleire kom. Billetten kosta éin dollar, men mange slapp inn gratis, på ein musikkfestival som samla utrulege 112.000 publikummarar.
Dokumentasjon
Bell var businessmann også og nådde breitt ut med katalogen sin på denne måten, også for ettertida, sidan hendinga vart fanga på film: Wattstax, regissert av Mel Stuart, kom året etterpå (og er ikkje minst kjend for ugløymelege innslag ved komikaren og skodespelaren Richard Pryor). Likevel har ikkje hendinga fått si fortente merksemd i musikkhistoria. Dei store massemedia var ikkje på plass i Watts den dagen, og filmen fekk ikkje den distribusjonskrafta som var naudsynt. Det er ei historie vi har høyrt før.
Eit halvt hundreår seinare er det no mogleg å vie vel tolv timar til hendinga, med Soul’d Out: The Complete Wattstax Collection, ein fest av ei utgiving. Det har vore plater før, men med denne nærast dokumentariske boksen har vi fått ein aldri så liten tidsmaskin. Då det på eit tidspunkt heldt på å gå over styr inne på stadion, måtte Rufus Thomas prøve å roe ting litt ned, noko han fekk til på svært elegant vis – ei stund som også har fått plass her.
Dette er også første gong heile settet til Isaac Hayes er å høyre på plate, låtskrivaren og artisten som på denne tida var best kjend for det enormt populære lydsporet til den viktige spelefilmen Shaft (Gordon Parks, 1971).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.