Musikk

Vreidens dag

Philipp Mathmanns overjordisk klåre sopranklang gjorde Mozarts reint mannlege dødsmesse i Grieghallen eineståande.

Sju gutekor, fire songsolistar og symfoniorkester framfører Rekviem i Grieghallen.
Publisert

Reine gutekor høyrer me sjeldan i Noreg, i motsetnad til i land som Tyskland og England, der dei har ein mange hundre år gamal, ubroten tradisjon. Det var difor spesielt å høyra heile sju norske gutekor samla i Grieghallen førre onsdagen. Kring 250 unge mannlege songarar fylte scena fullstendig saman med fire songsolistar og Bergen Filharmoniske Orkester.

Mest oppsiktsvekkjande var likevel at også sopransoloane blei sungne av ein mann: den vaksne tyskaren Philipp Mathmann. Så høge tonar frå ein mannekropp er jo mest naturstridig. Det gjekk difor eit svakt gisp gjennom salen under den fyrste soloen hans i opningssatsen til Wolfgang Amadeus Mozarts (1756–1791) Rekviem i d-moll, KV 626. Den søvnige, eldre mannen som sat på hi sida av midtgangen, skvatt så til at han sleppte programheftet på golvet.

Seint stemmeskifte

Då Mozart komponerte dødsmessa si på 1700-talet, var ikkje denne typen kor noko særsyn. I dei fleste byar fekk berre menn synga i kyrkja. J.S. Bachs Thomanarkor i Leipzig, til dømes, var då som no reint mannleg. I katolske land hadde ein endåtil tilgang på kastratar, altså songarar som blei kastrerte før dei kom i stemmeskiftet og heldt på guterøysta livet ut. Det at gutar var i stand til å synga særs vanskelege soloparti, hadde med dårleg kosthald å gjera. Dei kom gjerne ikkje i stemmeskiftet før dei nærma seg 20 år og fekk slik, i motsetnad til i dag, fire eller fem år ekstra på å utvikla seg i sopranfaget før røysta braut.

At Grieghallen var fullsett denne kvelden, har ikkje berre med korbesetninga å gjera. Dette rekviemet er eit av dei mest myteomspunne verka i musikkhistoria. Mozart komponerte det på sotteseng i 1791 og døydde før fullføringa, og på bakgrunn av instruksjonar og skisser førte elevane det til endes. Den mystiske oppdragsgjevaren (ein anonym greve som ville presentera musikken som sin) og Mozarts syrgjelege lagnad (førestillinga om at han blei myrda av konkurrentar) gav næring til legendene som i nyare tid kom til uttrykk i regissøren Miloš Formans Amadeus frå 1984, ein film som er like spektakulær som spekulativ.

Dies irae

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement