Musikk
Vossa-stubbar anno 2023
Significant Time sameiner sprudlande entusiasme med finslipt raffinement.
Significant Time: Øyvind Dale, Signe Irene S. Time, Fredrik Luhr Dietrichson, Marius Klovning, Ida Løvli Hidle og Raymond S. Lavik.
Pressefoto
Denne musikken hadde premiere sundag 9. april 2017 oppe i Osasalen på Vossa Jazz. Knappe seks år seinare kan ein stilla det same spørsmålet – kva har denne musikken med Per Sivles Vossa-stubbar å gjera?
Titlane og dei korte tekstutdraga er henta frå forteljingane, men viktigast av alt: Øyvind Dale og Fredrik Luhr Dietrichson har late seg inspirera av forteljingane til å laga fabelaktig musikk som bandet framfører med bravur.
«Blant annet er tekstmaterialet i ’Vossastubbar’ skrevet på vossamål som gjer at fleire ord og setninger er uvante og rare, men som likevel klinger melodisk og har ein særegen flyt.» Dette kan ein lesa i presseskrivet, og her er ein nok ved essensen i det Dale og Dietrichson har henta ut av lesinga av Vossa-stubbar (1887) og Nye Vossa-stubbar (1894). Lomhund, Vetle-Raurn, matamaolti med fleire er ord ein kan smaka på og leika seg med (sjølv om sistnemnde ikkje er ein tittel på ei forteljing).
Musikken og tekstutdraga får fram det burleske i Sivle-universet. Temaa er stundom enkle og melodiøse i tradisjonell forstand, men kan brått bli intrikate og ligge i ytterkantane av stemmeleia. «Matamaoltid» byrjar med strykebass i det lægste registeret, med den djupe røysta til Dietrichson, for så brått å skifta til det øvre sopranregisteret og ditto pianokomp, før det går over i eit melodiøst mellomspel på trekkspel. Så blir det heile repetert og dei ulike elementa blanda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.