Bok

Vondt og vakkert

Carl Frode Tiller tar sjansen på at boka er klokare enn lesaren.

Carl Frode Tiller debuterte i 2001 og har fått fleire prisar for romanane sine.
Carl Frode Tiller debuterte i 2001 og har fått fleire prisar for romanane sine.
Publisert

«Det er mer mellom himmel og jord enn de fleste andre steder», kunne Fredrik Stabel slå fast, og med dette som utgangspunkt kan ein lese eit intervju i Adresseavisen nyleg der Carl Frode Tiller for første gong snakkar om ei oppleving han som ung mann hadde på ei reise i Guatemala. Han og ein kompis budde på eit pensjonat, og ei natt høyrde dei kampgny, rop og stemmer frå trefningar mellom mayaindianarar og spanske conquistadorar. På eit vis hadde tida rivna, og dei døde strøymde inn i rommet som draum eller røyndom. Denne paranormale opplevinga trekker Tiller inn i Flukt, omarbeidd og tilpassa handlinga. I intervjuet avvæpnar Tiller seg sjølv med eit smil: «Æ har itj vorte religiøs.»

Like fullt er det det religiøse som ligg i botnen av framstillinga, det religiøse slik det framstår i stor kunst, i musikk og i stor litteratur som «det uutsigelige», som Welhaven formulerte det. Denne transparensen eller gjennomlysinga har alltid vore der som ei spegling av noko større, og går ein nokre hundreår bakover i tid, hadde kunsten som oppgåve å spegle Gud.

Draumeaktig

Slike tankar finn ein også i Flukt, som ber i seg ordet «flyktig» i form av noko flytande, noko som er der og glir bort, ut og inn av ulike eksistensar, ulike stemmer, i stadig endring og likevel det same, og hos Tiller blir dette ein viktig del av den draumeaktige komposisjonen og utforminga av teksten og handlinga, som i utgangspunktet er enkel og samtidig svært kompleks og utfordrande gjennom repetisjonar, variasjonar, tangeringar og overgangar lagde opp mot musikken og Bachs komposisjonar.

Handlinga er lagd til Trondheim, sentrert kring det middelaldrande paret Elisabet og Sakarias. Dei er separerte etter at den tolv år gamle sonen Johannes omkom i ei trafikkulukke eit halvår tidlegare. No møtest dei på julaftan og gjer det dei fleste gjer på ein slik dag: er innom kyrkjegarden, besøker gamle foreldre og bestemmer seg omsider for å vere saman denne kvelden og kanskje finne trøyst hos kvarandre.

Dei har takla sorga på ulikt vis: Elisabet druknar sorga i alkohol, Sakarias druknar sorga i arbeidet med ei museumsutstilling kring «Mannen i brønnen» knytt til eit funn på Sverresborg for nokre år sidan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement