Bok

Vitale dikt om livskjensle og natur

Eirik S. Røkkum har gjendikta heile Birds, Beasts and Flowers (1923), og kjem ikkje dårleg frå det, vanskeleg som vågestykket er.

D.H. Lawrence (1885–1930) arbeidde først som lærar, men blei forfattar etter romandebuten.
Publisert Sist oppdatert

Eirik S. Røkkum er ein produktiv gjendiktar, men òg ein lovande lyrikar. Han har mellom anna gjendikta T.S. Eliots The Waste Land (Det øde landet), men versjonen hans fekk heller hard medfart av somme kritikarar. Røkkum gjev ikkje opp av den grunn.

No har han teke for seg ein annan engelsk diktar frå same generasjon, D.H. Lawrence (1885–1930), som altså ikkje må forvekslast med offiseren, eventyraren og forfattaren T.E. Lawrence, betre kjend som Lawrence of Arabia.

Motsetnader

D.H. Lawrence var omstridd i samtida, og han vart herostratisk namngjeten for den «pornografiske» romanen Lady Chatterley’s Lover, som faktisk fyrst i 1960 kom ut i ei usensurert utgåve i Storbritannia.

Som lyrikar er han mindre kjend, men ikkje mindre interessant, særleg i Fugler, beist og blomster.

Fleire av dikta er lange og flytande, nokre gonger kanskje litt vel utflytande. Det er òg drag ved boka som minner om Friedrich Nietzsches Also sprach Zarathustra. For både Nietzsche og Lawrence var vitalistar, lik vår eigen Kristofer Uppdal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement