Musikk

Viser og jazz i perfekt blanding

Lisa Dillan leverer eit sterkt comeback.

Lisa Dillan har sett saman eit repertoar der fleire nordnorske kollegaer er representerte.
Publisert

Å plassera Lisa Dillan i musikalsk bås er ikkje enkelt, og den nye utgjevinga gjer ikkje jobben lettare, men eg er likevel ikkje overraska. Samfunnsengasjementet hennar og dei sterke nordnorsk røtene har teke henne i denne kunstnarlege leia, og det skal me vera glade for.

Lang karriere

Dillan (56) har ein mannsalderlang karriere som vokalist, komponist, improvisator og performanceartist. Ho debuterte som plateartist i 2005 med Vocal Improvisation. Etter nokre år med duosamarbeid med gitaristen Asbjørn Lerheim med programmet Quite Quiet spelte ho inn eit utval Elvis-låtar med Lerheim og ein del tidlegare Elvis-musikarar, mellom andre James Burton og Norbert Putnam. Love Me Tender (2012) står den dag i dag som noko av det beste som er laga i kategorien coveralbum.

Tekstane har blitt «dialektjusterte» slik at dei ligg fint i munnen på bodøværingen Dillan. Ho har sett saman eit repertoar der både Terje Nilsen, Kari Bremnes og Halvdan Sivertsen er representerte. Eit nordnorsk visealbum, kan ein gjerne seia, men forankringa er ikkje sterkare enn at Dillan har funne plass til to låtar av den kanadiske artisten Sarah McLachlan, André Bjerkes «Berecuse» tonesett av Finn Kalvik, Rolf Jacobsens «Lavmælt» med melodi av Dillan sjølv og Brorson-salmen «Mitt hjerte alltid vanker».

Minimalistisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement