Musikk

Visepunk mot urett

Madi Diaz løftar gitaren mot statlege overgrep, med hjelp av, øh, Blink-182.

Madi Diaz løftar gitaren mot statlege overgrep.
Publisert Sist oppdatert

Nashvillebaserte Madi Diaz er ikkje som andre visesongarar. Mellom anna har ho turnert med Harry Styles, ikkje som i «varma opp for», men som i «spelt i bandet til» det tidlegare boybandikonet.

Nylig gav ho ut det tredje albumet om samlivsbrot, men dette skal ikkje handle om Fatal Optimist. Berre ein månad seinare kom nemleg albumet Enema of the Garden State. Ei tolking av Blink-182s Enema of the State for røyst og gitar, spelt inn i New Jersey, the Garden State. Det høyrest først ut som ein skikkeleg håplaus idé, noko ho òg er einig i.

Argumenta hennar er at USA treng å få spylt systemet og samle seg om å gje styresmaktene ein helsesjekk. Desse 25 år gamle poppunksongane frå eigen oppvekst meiner ho er perfekte til det. Diaz har ganske rett. I alle fall i måten ho tolkar Blink-182 på, så langt frå dei intense originalene at det nærast kjennest som ein har fått eit nytt Madi Diaz-album. Særleg på ein nydeleg versjon av «Adam’s Song». Sjølv i verkeleg idiotiske «What’s My Name Again» får ho fram vemodet og det mjuke mørket som skjuler seg i tøyset.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement