Musikk
Virtuos på hell
Gjev Pierre Rodes strykekvartett oss eit hint om velmaktsdagane hans?
Den franske fiolinvirtuosen og komponisten Pierre Rode (1774–1830).
«Eit klingande tidsbilete av åra mellom 1810 og 1812», kallar medlemene i Schuppanzigh Quartett dette nye albumet, som gjev oss tre strykekvartettar av Ludwig van Beethoven (1770–1827), yndlingseleven hans Ferdinand Ries (1784–1838) og solisten hans Pierre Rode. Lat oss berre slå fast at stykka til dei fyrstnemnde blir lytefritt framførte, før me konsentrerer oss om den sistnemnde. Han er nemleg fullstendig gløymd i dag.
Franskmannen Rode var sidan debuten som 16-åring ein feira fiolinvirtuos som i 1795, det året Paris-konservatoriet blei grunnlagt, hadde professorat ved denne institusjonen. I åra etter hundreårsskiftet var han fiolinsolist i privatkapellet til Napoleon, før han fekk tilsetjing ved hoffet til tsar Aleksander I i St. Petersburg.
Beethoven skuffa
I 1812 kom han til Wien for å urframføra Beethovens Fiolinsonate i G-dur, op. 96; det er Ries si strykekvartettomarbeiding av denne sonaten me får høyra på albumet. I denne tida hadde nok Rode passert senit som utøvar. Sjølv om Beethoven hadde venta med å komponera fiolinsonatens finalesats til han hadde høyrt Rode spela – dette for å skriva fiolinparten mest mogleg tilpassa speleteknikken hans – var komponisten lite nøgd med prestasjonen. Sjølvsagt skal ein aldri stola på komponistar, og særleg ikkje på Beethoven. Kritikkane i Wien-pressa stadfester likevel at «klaverstemma blei spelt med mykje meir sjel enn fiolinparten».
Men Rode var også komponist, og det at hans Strykekvartett i G-dur, op. 18 (1811), blei utgjeven av dei største forlaga i dei store musikkmetropolane Leipzig, Wien og Paris, seier sitt om populariteten. Stilen lèt seg ikkje utan vidare innordna i dei to kvartettypane som var populære i Paris, sidan verket inneheld element av begge: den førrevolusjonære quatour concertant, der alle instrumenta på konsertvis tevlar med og mot kvarandre, og quatour brillant, som blei populær kring 1800 og er kjenneteikna av at fyrstefiolinisten briljerer over akkompagnementet til dei hine.
Siciliansk friar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.