Viltre novellehybridar om eksistens

Med overdriving, essayistikk og fiktive forfattarar kjem litterære mikrokosmos til syne med ekspanderande kraft.

Odd W. Surén byd på grubling og humor i den nye novellesamlinga.
Odd W. Surén byd på grubling og humor i den nye novellesamlinga.
Publisert

Multiversteorien, som hevdar at kosmos består av ei uendeleg mengd univers som poppar opp heile tida, har blitt ei fruktbar inspirasjonskjelde for mange forfattarar. I fjor brukte Gunnhild Øyehaug multiversteori som utgangspunkt for romanen Presens maskin. Og i si siste novellesamling, Hvis vi lever neste år, flettar Odd W. Surén inn multiversteori både i essayistiske innslag og tematisering av tid, eksistens og meining i novellene.

Meining i tilværet kan i novellene vere omhyggeleg planlagd vedhogst, jakt på eksemsalve eller eit møte med ein vismann i eit framandt land. I novellene blir førestillingsevna vår ein nødvendig ingrediens for at livet skal vere meiningsfullt.

Grubling og humor

I tre av novellesamlingas fem delar møter vi ein eg-forteljar som er forfattar. Refleksjonane hans er ofte av det sjølvgranskande slaget, og til tider tangerer desse tankestraumane ein knausgårdliknande sjølvpisking. For eksempel i novella «Ringorm», der forteljaren skammar seg umåteleg over å ha stira for lenge på ein apotektilsett i rullestol. I enkelte noveller blir det mykje grubling og tenking, samstundes som den overdrivne, lettare absurde introspeksjonen gir novellene eit tvitydig, humoristisk preg.

Hvis vi lever neste år handlar òg om kunstnariske krefter som fantasi. Dette manifesterer seg til dømes i form av ein fiktiv forfattarvenn av eg-forteljaren. Han heiter Wilson Lampe, og to delar av novellesamlinga inneheld tekstar som visstnok er forfatta av han. Lampe skriv burleske historier om kva såkalla vanlege folk plar seie og gjere. I «Tjukk i penger» møter vi ei rekke ektepar som feirar ein femtiårsdag. Kvinnene heiter variantar av Anita, Tabita, Marita, og mennene variantar rundt Jan Ove, Kenneth, Kevin. Surén lar personane gjenta daglegdagse frasar som «tjukk i penger», «vasser i penger», «tyter penger ut av ørene på ham», «ræva full av penger», «stappet med penger», «driter jo penger», «svømmer i penger», «oser penger». Den overdrivne pengepraten verkar etter kvart som innsnevra og meiningslaus. Novella kan bli ein smule overtydeleg, men ei absurd gåveutveksling på slutten, som uttrykker ei form for stille desperasjon hos dei involverte, veg opp for dette.

Fantasien set grenser

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement