Film
Vill vreide
Årets råaste film er eit spektakulært angrep på sansar og kjensler.
Eit bryllaup i eit av dei rikaste stroka i Mexico by endar blodig.
Foto: Tour de Force
Mexico by anno no: Ein overklassefamilie feirar bryllaup bak høge murar. Ein tidlegare tilsett treng pengar til ein operasjon som skal redde livet til kona.
Det passar dårleg. Gjestene i bryllaupet diskuterer eigedom.
Brura vil gjere det rette og kastar seg i bilen. Gatene kokar. Eit opprør mot makta, ulikskapen og korrupsjonen er i gjære. Straks er ingen trygge.
Apokalypse
I denne dystopien raknar Mexico skikkeleg. Militærmakt, kaos og grenselaus vald renn heilt over. Diverre er det få element som ikkje er til å kjenne igjen frå det ekte Mexico i dag. Samstundes som ein sit med kjensla av å sjå ein apokalypse, svir det å kjenne på den rå realismen.
Folk i uniform er ikkje til å stole på. Kven som er kven, er like kaotisk som i røynda. Liv er billege. Grov seksuell tortur er like vanleg i borgarkrigar som i diktatur. Dette er ikkje ein film for folk med traume. Filmen verkar nesten som ein sint trussel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.