Vill einhyrningsgalopp-pop

Mörmaids eksperimentelle elektropop møyrbankar øyra til sjela blir øm, og godt gjer det.

Publisert

Videoen til norske Mörmaids «Wet Summer» har gjort suksess på nett i sumar, og dei sukkersøtt skrekkinngytande, fysisk umogelege scenene – laga med eit par tusen foto og AI-verktøy – er ein treffande illustrasjon av det tvitydige uttrykket hennar.

Albumet Pearlescent Dark startar med ein cover av jazzsongen «Sea Lady», og den skildrande lyrikken set stemninga for den dramatiske musikalske reisa som følgjer. Her blir vi tekne med inn på eit Ondskapens hotell der madrassane er laga av sukkerspinn og den blå operadivaa i Det femteelement og Julee Cruise seglar mellom etasjane i feil rekkjefølgje i ein ekspansiv elevator på eit horisontlaust blodrosa hav av kjøtsmoothie dryssa med syntetisk jordbærstrø.

Songen «Wet Summer» blir driven av hurtige neurofunk-trommer og virvlande modulerte stemmekutt medan svevande hypnotisk vokal svever over eit industriområde i ei eklektisk øydemark. Den maskinelle rytmeseksjonen, nærast dubstep-aktig i si usjenerte framferd på «I’m Trying», «Bury All» og «House», er saumlaust blanda med organiske grunnsamplingar som nektar å la seg definere – denging på eit karosseri, klapp på kinnet, einhyrningar i vill gallopp i sjokolademjølkeglaset?

I «Baby» blir spretten elektropop til ei sprø bassblautkake av synthcembalo- og all slags streng- og strykarbass til ein symfonisk ekstremmetal-Twin Peaks-kjenningsmelodi, før den luftige vokalen på «Toomuchalready» skyt opp mot himmelkvelvingen – med sakrale tv-spel-chiptunes som drivstoff – for å syngje ein syrgjesong over cyberpunk-dystopien vi lever i.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel