Musikk

Vil du vera med, så heng på

Publisert

Marthe Lea Band kan kunsten å hypnotisera. Torsdag kveld tok ho og resten av bandet oss med på ein musikalsk rundtur kjemisk reinska for publikumsfrieri. Bandet serverte eit opus på vel ein time. Då dei avslutta med ein vemodig versjon av «Macarena», var ringen slutta.

Marthe Lea Band gav ut Asura i fjor vår. I meldinga mi 18. juni same år karakteriserte eg innhaldet som «alternativ dansemusikk». På scenen i Bedehuset Bar & Bazaar stilte Lea med same band som på plata: orkesterleiaren sjølv (saksofon, klarinett, vokal, perkusjon og melodika), Andreas Hoem Røysum (klarinett, bassklarinett og vokal), Hans P. Kjorstad (fele og vokal), Egil Kalman (bass, elektronikk og vokal) og Hans Hulbækmo (trommer, perkusjon og vokal).

Dansefoten blei til tider skikkeleg stimulert, men den reisa Lea & co tok oss med på, rørte ved oss lydarar på så mange vis. Symptomatisk nok vart konserten avslutta med låten som skapte dansefeber i 1996–97, «Macarena», ikkje i nærleiken av uttrykket til originalen, men berre som eit lite hint i medium tempo og med eit vemod som ein ikkje assosierer med denne landeplaga av ein poplåt.

Repertoaret var ein kombinasjon av improvisasjon og låtar som vil finna sin plass på den nye plata Lea planlegg å spela inn i november. Musikken blir aldri verbalt introdusert eller kommentert. Bandet løyvde seg sjølv stor fridom og tillét seg å forfølgja musikalske idear som spontant oppstår. Her må ein berre hengja seg på.

Fridomen får dei også ved å spela akustisk. Det vesle PA-anlegget brukte Kalman til å tilføra det elles så akustiske lydbiletet elektronisk lyd ved eit par høve. Elles kunne Lea, Røysum og Kjorstad fritt vandra omkring og skapa ein enkel improvisert koreografi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement