Bok

Viktige perspektiv på bioetikk

Morten Magelssen maktar å gjera kristne perspektiv på bioetikk relevante og tilgjengelege på eit allment nivå.

Morten Magelssen er utdanna lege og verkar ved senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.
Morten Magelssen er utdanna lege og verkar ved senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo.
Publisert

Morten Magelssen er utdanna lege og verkar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo. Han er frå før aktiv i debattar om bioetikk, til liks med ein annan interessant tenkjar – Øyvind Håbrekke. Begge er heilt klare på at alle barn som vert fødde – utan omsyn til korleis dei vert til – er likeverdige. Det er jo heilt sjølvsagt, men kva som er greitt juridisk og etisk når vi vil skapa barn, er ikkje sjølvsagt.

Magelssen nyttar kristne argument. Det kristne perspektivet på bioetikk er knytt til det kritiske og bibelske «du skal ikkje», men Magelssen skriv at Bibelen ikkje kan gi alle svar, og at kristen bioetikk ikkje kan vera tidlaus eller avfeia fornufta. Han peikar dessutan på andre viktige kristne verdiar, som nestekjærleik.

Sjølv om Magelssen seier fornufta er viktig, er argumenta klart kristne. Magelssen er ikkje optimist på vegner av fornufta og den bioteknologiske utviklinga. Her skil han seg frå humanistar som oftare har ei sterkare tru på fornuft og rasjonalitet.

Ein kristen vil hevda at fornufta er avgrensa, og at vi må ha ærefrykt for Vårherre. Men Magelssen er ikkje blind i si ærefrykt, han er fornuftig. Det er ikkje mindre kristent, men i tråd med kristne idear om å bruka evnene vi er skapte med.

Sjølvbestemming

Magelssen har rett i at legalisering av dødshjelp ikkje treng henga saman med auka sjølvbestemming. Vi kan fort få ei verdiutgliding. Til dømes kan alvorleg sjuke kjenna seg som ei byrde for både samfunn og familie. Kristne vil her stadig minna om at alle liv er like mykje verde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement