Viktig rettshistorie
Hans Petter Graver skriv nyansert om Høgsteretten i Noreg under andre verdskrigen.
Hans Petter Graver har gjeve ut to av dei viktigaste juridiske sakprosabøkene dei siste tiåra. I 2015 gav han ut Dommernes krig om norske domstolar under andre verdskrigen. Rett over nyttår 2019 følgde han opp med Okkupasjonstidens Høyesterett, som handsamar Høgsteretten i same tidsperioden. Bøkene hans er viktige av fleire grunnar. For det fyrste er dei med på å fylla eit hol i norsk okkupasjons- og rettshistorie. For det andre er dei med på å fylla eit tilsvarande hol på europeisk plan. For det tredje er rettsstaten i Europa i dag på ny under press, slik den var under andre verdskrigen i Noreg, som i andre land i Europa.
Knebling
I Okkupasjonstidens Høyesterett nemner Graver ved fleire høve situasjonen i land som Polen og Ungarn. Knebling av domstolane har begge stadar vore eit sentralt element ved overgangen frå eit liberalt til eit illiberalt demokrati.
Både i Polen og Ungarn har det vore viktig for det regjerande partiet å sikra eiga makt gjennom ein framgangsmåte som ser ut til å liggja innanfor dei konstitusjonelle spelereglane. Difor har ein i begge land senka pensjonsgrensa framfor å direkte sparka dommarar. Nettopp det gjorde okkupasjonsmakta i Noreg òg hausten 1940.
Bakgrunnen for konflikten mellom okkupasjonsmakta og Høgsteretten var usemje om kor langt okkupasjonsmakta kunne gå i å regulera det sivile samfunnet rettsleg i det okkuperte territoriet. Etter folkeretten har ei okkupasjonsmakt ein viss rett til dette, og domstolane har ei viss plikt til å retta seg etter det. Men det går ei grense, og den meinte Høgsteretten vart overskriden i november 1940.
Høgsterettens motstand vart ikkje tatt godt opp av rikskommissær Terboven og justisminister Riisnæs. Mottrekket var å forby Høgsteretten å prøva lov og å senka aldersgrensa for alle offentlege tenestemenn frå 70 til 65 år. Senkinga av pensjonsgrensa ville gjera det mogeleg for det kommissariske styret å erstatta nok høgsterettsdommarar til å sikra ein lojal øvste domstol. Dei arresterte altså ikkje høgsterettsdommarane, dei utset dei ikkje for fysiske åtak eller trugslar om dette, men freista å knebla domstolen gjennom ordinær lovgjeving. Pensjonsaldertrikset var ikkje eingong ei nasjonalsosialistisk oppfinning, men fyrste gong freista gjennomført i USA i 1937 under konflikten om store samfunnsreformer mellom høgsteretten og president Roosevelt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.