Musikk

Vi som elska 1997

Retropop for dei som har gløymt at nittitalet òg hadde rytme.

Isabell Aga Engelsen er Bellefolie.
Publisert

Bergensbaserte Bellefolie har melodiske vendingar som Arcade Fire, som i før Arcade Fire mista gløden. Dei har bygd eit album på fascinasjonen for synkoperte nittitalsrytmar av det mjuke og mørke slaget.

Forenkla utforskar debuten Beautiful Madness (dei som har vore i Paris, veit at det er eit spel på bandnamnet) triphop. Denne nittitalsmåten å spele elektronisk pop på, der ideane for enkelte forsvann mellom duse strandstolar og vart inkjeseiande musikalsk røyk. Det gjer dei ikkje her.

Nokon stader er det noko med vokalen som har lyst til å nærme seg ei viss islandsk røyst, men dette vert aldri like vrangt og eklektisk som Björk. Sjølv om ein i løpet av albumet, eit album som treng nokre låter på å kome i gang, vert i uvisse om vokalen er på engelsk eller fransk, eller begge delar. Og om det har noko som helst å seie.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel