Musikk

Vi kallar det country

Wilco gjer sin eigen vri på sjangeren på Cruel Country.

Wilco er klar med nytt album og ny turné.
Wilco er klar med nytt album og ny turné.
Publisert

Då Wilco kom saman på nyåret for endeleg å kunne spele i lag, var det som om gamle, velprøvde tropar og sjangrar innhenta frontmann og låtskrivar Jeff Tweedy. Kanskje var det noko i vår turbulente samtid som førte til at det vart slik, spekulerer han i eit lite essay om albumet: «The tried-and-true became the ground on which to project the world’s hallucinations.»

Slik førte stundene i studio bandet inn på vegen til det som skulle verte Cruel Country, det første albumet dei sjølve sjangerplasserer som country, snarare enn rock eller americana.

Sjangervri

Tittelsporet «Cruel Country» byr på ganske eksplisitt kritikk av patriotisme av det tankelause slaget, slik han så sørgjeleg kjem til uttrykk i heimlandet til bandet. «I love my country like a little boy/ Red, white and blue», heiter det, i verseliner som er kjenneteikna av Tweedys blikk for det ironiske, med den allsongvenlege frasen: «All you have to do is sing in the choir.»

Denne problematiseringa av konformitet og konsensus er også reflektert i sjølve sjangervalet, for det finst ei eiga åre av konservativ og patriotisk countrymusikk i USA som desse songane står i opposisjon til.

Omgrepet «Cruel Country» er dermed, slik Tweedy sjølv forklarar, dobbelt – det peikar mot Wilcos vri på countrysjangeren, men er også ein beisk karakteristikk av heimlandet, som med sine mange paradoks opptek låtskrivaren i tekstane på denne plata, kanskje i endå sterkare grad enn på tidlegare utgivingar frå dette bandet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement