Teater
Vesaas-roman som lysshow
Den mystiske Vesaas-romanen er spektakulær på teaterscena, men likevel gåtefull.
Guten (Aleksander Ottestad-Kaalstad) og Jon (Helene Naustdal Bergsholm) i dramatiseringa av romanen til Tarjei Vesaas frå 1961.
Foto: Øyvind Eide
Romanen Brannen av Tarjei Vesaas kom i 1961 og har vel alltid vore oppfatta som Vesaas’ naudrop i ei tid då både atomkrig og miljøøydelegging for alvor brende seg inn i nyhendebiletet. I jubileumsåret til Vesaas, som vart fødd for 125 år sidan, har Nationaltheatret, i samarbeid med frigruppa De Utvalgte, valt nett denne boka som utgangspunkt for ei aproposframsyning.
Det er alltid ei utfordring å skulle lage ei visualisert tolking av eit kunstverk som er reint tekstleg. Ein kan vel godt seie at Nationaltheatret og De Utvalgte har teke tyren ved horna. Denne framsyninga er meir ein vernissasje i rørsle enn eit skodespel.
Løyndomsfullt
Når ein les romanen Brannen, kan ein mest oppleve boka som ein nattsvart skrekkfilmvariant av Alice i eventyrland. Det handlar om eit ungt menneske som dreg heimanfrå og ut i skogen – og støyter på merkelege, irrasjonelle folk og hendingar. Vesaas’ Alice heiter Jan.
Det er eit trugande og løyndomsfullt mørke over alt som blir sagt, og alt som hender. Skal ein våge seg på ei generell tolking av bodskap, kjennest det som Vesaas set lyskjegla på desperasjonen i spennet mellom engasjement og likesæle. Det er ei spenning som nok alltid vil finnast i krisesituasjonar.
Framsyninga på Nationaltheatret er imponerande teknisk og visuelt. Både i avanserte, originale scenografiløysingar og frapperande videodesign skaper denne teaterhendinga eit rom som korresponderer med det gåtefulle i romanen. Frigruppa De Utvalgte har då òg eit ry som ei særs kreativ kraft med omsyn til visuelt uttrykksfullt teater.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.