Teater

Verfremdung eller sjanglegang?

Brechts moralfabel appellerer, men humoren heller mot fjolleri.

Hanna-Maria Grønneberg spelar hovudrolla som Grusche.
Hanna-Maria Grønneberg spelar hovudrolla som Grusche.
Publisert

Ei av Bertholt Brechts sentrale målsetningar skal ha vore at publikum skal verte engasjert og gjerne opprørt, men aldri rørt, aldri drive til å sitje med klumpen i halsen. Den sentimentale appellen er berre til kos og kan ikkje gjere verda betre, meinte Brecht. Paradoksalt nok er Brecht på scenen rett ofte nettopp kjenslemessig gripande, ofte er det nett det vi tykkjer han er god på.

I Nationaltheatrets nye oppsetjing av Den kaukasiske krittringen kan det verke som om regissøren har vore i nøyaktig same knipa som dramatikaren sjølv må ha vore i. Korleis opprøre utan å røre?

Skinande styrke

Framsyninga har ein varm, skinande styrke i sjølve grunnfabelen, av di den unge kvinna Grusche (Hanna-Maria Grønneberg), som må ta seg av eit forlate barn, og kjærasten hennar Simon (Olavus Frostad Udbye), som må dra i krigen, får høve til å spele ut historia på ramme alvor. Men så skal altså alle sidekonfliktane og bipersonane framstillast på eit metanivå, karikert, parodisk, med heftige forsøk på publikumsflørt, og utan noko som helst forsøk på truverdig menneskeskildring. Slik vert alle motstandarane til den edle Grusche totalt ufarlege, og framsyninga sjanglar såleis mellom drama og galgenhumor. Det blir ingen verkeleg heilskap av det.

Det nedstrippa, stiliserte uttrykket, utan historisk hintande kostyme og scenografi, verkar likevel godt. Musikken, fortrinnsvis ein meditativ trommebruk, gjev òg ein spennande bakgrunn. Det er ein tidlaus moralitet som skal forteljast, og det er fortrinnsvis skodespelarane sjølve som dannar det visuelle miljøet for oss.

Antiklimaks

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement