Musikk

Verda smeltar

Julia Holter held fram med å gå sine eigne vegar.

Julia Holter er ute med album nummer fem.
Julia Holter er ute med album nummer fem.
Publisert

Korleis står det til med menneskesinnet i ei verd som smeltar? Går det an å skildre det i ord og tonar? Det er i alle fall verdt eit forsøk, meiner Julia Holter, som omtaler den nye plata Aviary som «the cacophony of the mind in a melting world».

Fleire lesarar vil kjenne Holters ambisiøse plateproduksjonar, sist Have You In My Wilderness (2015) – også meld på desse sidene. Kvart album er eit gjennomtenkt, konseptuelt orientert verk som vekslar mellom komplekse låtstrukturar og ganske «rett på» – om enn sofistikert arrangerte – popsongar.

Inspirasjon

Utgangspunktet for Aviary er typisk Holter. Eit sitat frå ei novelle (2009) av den libanesisk-amerikanske forfattaren Etel Adnan har inspirert tittelen: «I found myself in an aviary full of shrieking birds

For Holter er eit slikt fuglehus ein passande metafor for den larmande verda ho ser rundt seg i 2018, som skrik mot henne med politiske skandalar og naturkatastrofar – ein ofte desorienterande, splittande kakofoni.

Tett på

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement