Film

Vera spring

Köln 75 er ei heseblesande hyllest til kulturarbeidarar.

Mala Emde i hovudrolla som Vera Brandes, som arrangerte konserten med Keith Jarrett i Köln i 1975, ein konsert som blei til eit av dei mest selde jazzalbuma gjennom tidene.
Publisert Sist oppdatert

Vera Brandes (Emde) er ein seksten år gamal jazznerd i Köln i byrjinga av syttitalet. Ho byrjar å booke konsertar og får vennane med på laget. Livet som frilynt kulturarbeidar er langt frå godkjent av den konservative faren. Ho burde heller bli tannlege som han.

Men nei. Ho køyrer på. Alt leier opp mot den legendariske konserten til Keith Jarrett (Magaro) i Köln i 1975.

Jaget

Tempoet er høgt. Kamera svingar seg, og klippa er kjappe på eit vis som speglar den ungdommelege uroa til Vera. Ikkje med det sagt at filmen er heimespøta. Köln 75 er velfinansiert på ein måte den unge Vera berre kunne drøyme om. Alt er på plass av kulissar og kostyme for å skape eit typisk syttital à la populær kinofilm. Humoren er med.

Ein kan spore sjølvironi på vegner av stjerna. Metablikk på eigen film er blanda med ekte arkivmateriale frå konsertar. Det er eit underhaldande samansurium. Eit langt kvilesteg kjem i bilen til Jarrett frå Zürich til Köln. Brotet er ei avsporing frå historia om Vera, men gjev pusterom i ein frenetisk film. Regissør Ido Fluk legg det heile fram som historia slik Vera Brandes fortel ho. Realisme er sekundært, og det er greitt.

Kulturlausarbeid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement