Kunstkommentar
Venus vender attende
Skulpturmuseet, rundt 1895.
Foto: Elisa Eriksen / Nasjonalgalleriets arkiv
På 1800-talet var allmenndanning og foredling av venleikssansen viktige argument bak ønsket om eit norsk skulpturmuseum. I desember 1881 opna ei stor samling av gipskopiar av verdskjende kunstverk, særleg frå gresk og romersk antikk. Christiania Sparebank hadde spandert skulpturane, medan staten bidrog med tomt.
Med dette tok Noreg del i ein brei europeisk tradisjon. Heit sidan renessansen har gipsfigurar vore del av kunstsamlingar over heile Europa. Avstøypingane er svært like originalane, og er såleis ein rimeleg måte å gjere den klassiske kunsten tilgjengeleg for publikum på. I tillegg må ein ikkje gløyme at dei aller fleste av dei ikoniske greske verka har gått tapt for lengst – og berre er kjende for oss gjennom romerske kopiar.
Afrodite
Eit godt døme på dette ser vi til venstre i bildet ovanfor: kjærleiksgudinna Afrodite, eller Venus, som romarane kom til å kalle henne. Skulpturen vart skapt på 300-talet før Kristus av Praxiteles frå Athen. Han er rekna som den første som framstilte nakne kvinner i naturleg storleik. Vi kjenner berre til verket gjennom ein romersk kopi, laga av ein anonym handverkar. Denne marmorskulpturen har fast plass i Uffizi-galleriet i Firenze.
Gipskopiar av moten
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.